Job 24NO1978NN

1Kvifor har ikkje ¬Den Allmektige sett av tider til dom? Kvifor får ikkje dei ¬som kjenner han, sjå at hans dagar kjem?

2Dei gudlause ¬flytter merkesteinar, dei røvar sauer ¬og sender dei på beite.

3Esla åt farlause driv dei bort, og oksane åt enkjer ¬tek dei i pant.

4Fattige tvingar dei ut av vegen, dei hjelpelause ¬må gøyma seg for dei.

5Som villesel i øydemarka går dei til arbeids. På aude moar ¬leitar dei etter mat; der må dei finna føde til borna.

6Dei haustar fôr på marka og sankar den frukt som er leivd i vingarden åt dei vonde.

7Halvnakne ligg dei ute ¬om natta, utan klede eller teppe i kulden.

8På fjellet vert dei våte av regn; fordi dei ikkje har livd, trykkjer dei seg tett ¬inn til berget.

9Somme riv farlause born ¬frå brystet og tek pant av dei hjelpelause.

10Dei går nakne ikring, ¬dei har ikkje klede, svoltne må dei bera kornband.

11Mellom murane pressar dei olje, tyrste trakkar dei vinpressa.

12Frå byen høyrest støn ¬av døyande menneske, og dei som er såra, ¬skrik om hjelp. Men Gud bryr seg ikkje ¬om deira bøn.

13Andre gjer opprør mot ljoset. Dei kjenner ikkje ljosets vegar, held seg ikkje på ljosets stigar.

14Før dagen renn, ¬står drapsmannen opp og slår i hel ein fattig stakkar. Om natta er tjuven på ferde.

15Horkaren ventar på skumringa. Han seier: ¬«Det er ingen som ser meg,» og så løyner han andletet.

16I mørkret gjer tjuvane innbrot; dei stengjer seg inne om dagen, for dei vil ikkje vita av ljoset.

17Kolmørkret er for dei ¬som ein morgon, dei kjenner alt ¬som skræmer i mørkret.

18Men brått vert dei borte ¬som på vatnet. Forbanna er deira lut i landet, ingen tek vegen til vingardane.

19Turk og hete tek snøvatnet bort, dødsriket sluker ¬den som syndar.

20Mor hans gløymer han, makken godtgjer seg med han, og ingen minnest han meir. Vondskapen knekkjest som ¬eit tre.

21Han var hard med kvinner ¬som ikkje fekk born, og gjorde ikkje vel mot enkjer.

22Men Gud riv bort sterke menn ¬med si kraft; når han reiser seg, ¬er ingen trygg for sitt liv.

23Han gjer dei trygge ¬og gjev dei støtte, men augo hans ¬vaktar deira ferd.

24Dei når høgt for ei tid, ¬men så er det slutt; dei bøyest ned og rykkjest opp ¬som alle andre, som mogne aks ¬vert dei avskorne.

25Er det ikkje så? Kan nokon seia at eg lyg og gjera mitt ord om inkje?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.