Jeremiah 6NO1978NN

1Berga dykk, ¬Benjamins søner, kom dykk bort frå Jerusalem! Blås i horn i Tekoa, reis merkestong ¬på Bet-Hakkerem! For ei ulukke trugar frå nord, ei stor øydelegging.

2Eg gjer ende på Sions dotter, den fine, bortskjemde kvinna.

3Til henne skal gjætarar koma med saueflokkane sine. Dei slår opp telt ikring henne og kvar sitt stykke ¬beiter dei snautt.

4«Lys heilag krig mot henne! Kom, lat oss gå til åtak ¬midt på dagen!» «Ve oss, det lid mot kveld, og skuggane lengjest.»

5«Kom, lat oss gå til åtak i natt og øydeleggja borgene ¬i byen!»

6Så seier Herren, Allhærs Gud: Fell tre og kast opp ein voll, Jerusalem skal kringsetjast. Byen skal krevjast ¬til rekneskap, han er full av vald og urett.

7Som ei kjelde ¬lèt vatnet strøyma fram, lèt byen vondskapen strøyma. Der høyrer ein om vald ¬og ran, støtt ser eg liding og sår.

8Jerusalem, ta lærdom av dette, elles vender eg meg frå deg og gjer deg til ei audn, til eit land der ingen kan bu.

9Så seier Herren, Allhærs Gud: Hald ettersanking ¬som på eit vintre, hald ettersanking på ¬Israels rest! Gå endå ein gong ¬over rankene med handa lik ein som plukkar druer!

10«Kven skal eg tala til og åtvara, så dei høyrer det? Øyro deira er uomskorne, dei kan ikkje høyra etter. Dei driv spott med Herrens ord og bryr seg ikkje om det.

11Men eg er full ¬av Herrens harme, eg greier ikkje å halda han att.» Så aus han ut over borna ¬på gata og over heile ungdomsflokken! Både mann og kvinne ¬skal fangast, gamle menn og oldingar.

12Husa deira skal koma ¬i annan manns eige, deira jorder og kvinner ¬like eins. For no retter eg ut mi hand mot dei som bur i landet, lyder ordet frå Herren.

13For alle saman, små og store, søkjer urett vinning. Profetar og prestar ¬fer alle med svik.

14Lettvint lækjer dei ¬skaden i mitt folk, når dei seier: «Fred, fred!» – og så er det ingen fred.

15Dei skal verta til skammar, for stygge ting har dei gjort. Likevel skjemmest dei ikkje, og blygsle veit dei ikkje av. Difor skal dei falla som hine; på den tid eg krev dei ¬til rekneskap, skal dei stupa, seier Herren.

16Så sa Herren: Stå på vegane og sjå! Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Ferdast på den, ¬så skal de finna kvile. Men dei svara: «Vi vil ikkje ferdast der.»

17Eg sette vaktmenn over dykk ¬og sa: «Lyd etter når hornet ljomar!» Men dei svara: «Vi vil ikkje lyda.»

18Høyr difor, de folkeslag, og merk dykk, de som er samla, det som skal henda ¬mellom dei!

19Lyd etter, du jord! No fører eg ulukke ¬over dette folket, ei frukt av deira vonde tankar. For dei høyrde ikkje ¬på mine ord, og dei vanvørde mi lov.

20Kva skal eg med røykjelse ¬frå Saba og dei beste krydder ¬frå land langt borte? Brennoffera dykkar ¬vil eg ikkje ha, slaktoffera har eg ikkje ¬hugnad i.

21Difor seier Herren: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, så det fell; fedrar og søner skal missa livet, granne skal døy ¬saman med granne.

22Så seier Herren: Det kjem eit folk ¬frå landet i nord, eit mektig folk tek ut frå utkanten av jorda.

23Spyd og boge har dei i handa, harde er dei og sparer ingen. Larmen av dei ¬lyder som havdur, på hestar kjem dei ridande. Budde som stridsmenn fer dei mot deg, Sions dotter.

24Då vi høyrde ryktet om dei, vart våre hender kraftlause. Vi vart gripne av angst og skalv ¬som ei fødande kvinne.

25Gå ikkje ut på marka og ferdast ikkje på vegen! For fienden har sverd, rundt ikring rår redsle.

26Bind syrgjeplagg om deg, ¬mitt folk, og velt deg i støvet! Hald syrgjehøgtid ¬med bitter klage som når einaste barnet døyr. For brått kjem herjaren ¬over dykk.

27Eg har sett deg ¬til å prøva folket mitt lik ein som prøver gull; du skal kjenna ¬og prøva deira ferd.

28Trassige opprørarar er dei alle, dei går rundt og baktalar folk; dei er som bronse og jern og ber seg vondt åt, alle saman.

29Belgen blæs, men blyet er urørt av elden. Det nyttar ikkje å smelta, dei vonde vert ikkje utskilde.

30Vraka sølv skal dei kallast, for Herren har vraka dei.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.