Jeremiah 7NO1978NN

1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:

2Stig fram i porten til Herrens hus og rop ut denne bodskapen: Høyr Herrens ord, alle de judearar som går inn gjennom desse portane for å bøya dykk og tilbe Herren.

3Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykkar åtferd og gjerningar betrast, så skal eg la dykk bu på denne staden.

4Set ikkje lit til lygnorda: «Her er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel!»

5Men om de lèt dykkar åtferd og gjerningar betrast, om de gjer rett mot kvarandre,

6ikkje er harde med innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje held dykk til andre gudar, til skade for dykk sjølve,

7då vil eg for alle tider la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar i gamle dagar.

8Men de lit på lygnord, som inkje gagnar.

9Er det ikkje så at de stel, slår i hel, bryt ekteskapet og gjer rang eid, at de brenner offer for Ba’al og held dykk til andre gudar, som de ikkje kjenner?

10Og så kjem de og stig fram for meg i dette huset som ber mitt namn, og seier: «Vi er frelste.» Og endå held de på med all denne styggedomen!

11Trur de at dette huset som ber mitt namn, er ei røvarhole? Eg òg kan sjå, lyder ordet frå Herren.

12Gå berre til den heilage staden min i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den fyrste tid, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hjå folket mitt, Israel.

13Og no, fordi de har gjort alle desse gjerningane, lyder ordet frå Herren, fordi de ikkje ville høyra endå eg tala til dykk seint og tidleg, og ikkje svara når eg ropa til dykk,

14så vil eg gjera med dette huset som ber mitt namn, og som de set dykkar lit til – den staden som eg gav dykk og fedrane dykkar – like eins som eg gjorde med Sjilo.

15Og eg vil støyta dykk bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims-ætta.

16Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage eller bøn for det. Prøv ikkje å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.

17Ser du ikkje kva dei driv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem?

18Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, og kvinnene knar deig og bakar offerkaker til Himmeldronninga, og dei renner ut drikkoffer for andre gudar; såleis krenkjer dei meg.

19Det er ikkje meg dei krenkjer, seier Herren, men seg sjølve, så dei skal raudna av skam.

20Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og min harme skal rennast ut over denne staden, over folk og fe, over trea i skogen og grøda på marka. Min harme skal brenna og ikkje slokna.

21Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Berre legg brennoffer attåt slaktoffera dykkar og et kjøt!

22Den gongen eg førte fedrane dykkar ut or Egypt, tala eg ikkje til dei om brennoffer og slaktoffer og gav dei ikkje påbod om noko slikt.

23Men dette bodet var det eg gav dei: «Høyr på det eg seier, så vil eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.»

24Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Dei fylgde sine eigne tankar, sitt vonde, harde hjarta. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet.

25Alt frå den tid då fedrane dykkar fór ut or Egypt, og heilt til denne dag, har eg gong på gong, seint og tidleg, sendt alle mine tenarar, profetane, til dei.

26Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyra til. Dei var stridlyndte og bar seg verre åt enn fedrane.

27Om du seier alt dette til dei, vil dei ikkje høyra på deg; og om du ropar til dei, vil dei ikkje svara deg.

28Då skal du seia til dei: «Dette er det folket som ikkje lydde Herren sin Gud og ikkje tok imot tukt. Det er slutt på ærlegdomen, han finst ikkje lenger i deira munn.»

29Klypp det lange håret ditt og kast det bort! Set i med ein klagesong på dei snaue høgdene! For Herren har vraka og støytt frå seg den ætta som han er harm på.

30Folket i Juda har gjort det som vondt er i mine augo, lyder ordet frå Herren. Dei har sett opp sine fæle gudebilete i det huset som ber mitt namn, og såleis gjort det ureint.

31Og dei har bygt offerstaden Tofet i Hinnom-dalen, der dei brenner sønene og døtrene sine i elden. Det har eg ikkje sett dei til, og det har aldri vore i mine tankar.

32Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og dei skal gravleggja folk i Tofet, fordi det ikkje finst rom andre stader.

33Lika av dette folket skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.

34Då lèt eg fagnadrop og glederop og røyst av brudgom og røyst av brur tagna i byane i Juda og på gatene i Jerusalem. For landet skal leggjast i øyde.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.