Jeremiah 5NO1978NN

1Gå ikring i Jerusalems gater og merk dykk det de ser, leita på torg og plassar om de finn einkvan, om det finst ein einaste ¬som gjer rett og legg vinn på truskap, så eg kan tilgje folket i byen.

2Dei seier nok: «Så sant Herren lever», men gjer likevel rang eid.

3Herre, du ser då etter truskap. Om du slår dei, kjenner dei ikkje vondt, om du gjer ende på dei, lèt dei seg ikkje aga. Dei gjer andletet hardare ¬enn stein og vil ikkje venda om.

4Eg tenkte: Det er berre småkårsfolk, dei ber seg åt som dårar; for dei kjenner ikkje ¬Herrens veg, den retten deira Gud krev.

5No vil eg gå til dei store og tala med dei, for dei kjenner Herrens veg, den retten deira Gud krev. Men dei har alle brote åket og slite sund lekkjene.

6Difor skal løva frå skogen ¬slå dei ned, steppeulven skal herja ¬mellom dei; attmed byane ligg leoparden ¬på lur, alle som går ut, vert rivne i hel. For deira brot er mange, gong på gong har dei falle frå.

7Kvifor skulle eg tilgje deg? Sønene dine har gått bort ¬frå meg og svore ved gudar ¬som ikkje er til. Eg gav dei det dei trong, men dei dreiv hor og samla seg i horehuset.

8Dei er som brunstige, ¬velfødde hestar, kvar mann kneggjar etter kona ¬til grannen.

9Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg på eit såvore folk?

10Stig opp på terrassane i byen, øydelegg dei, men ikkje heilt! Ta bort vinrankene der, for dei høyrer ikkje Herren til.

11Ja, dei har vore trulause ¬mot meg, både Israels ætt og Judas ætt, lyder ordet frå Herren.

12Dei fornektar Herren og seier: «Han gjer ingen ting. Ulukka kjem ikkje over oss, sverd og svolt skal vi ikkje sjå.

13Profetane skal verta til vind; Herrens ord er ikkje i dei, difor skal det gå dei så.»

14Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud: Sidan de talar slike ord, gjer eg mine ord i din munn ¬til eld og dette folket til ved som elden skal øyda.

15No sender eg mot dykk, ¬Israels ætt, eit folk som kjem ¬langt bortanfrå, lyder ordet frå Herren. Det er eit folk ¬som ingen vinn over, eit folk frå gamal tid. Du kjenner ikkje språket deira og skjønar ikkje kva dei seier.

16Deira pilehus er ¬som ei open grav, kjemper er dei alle.

17Dei et opp ditt korn og brød, dei et dine søner og døtrer, dei et opp ditt småfe og storfe, dei et dine vintre og fikentre. Dine festningsbyar ¬som du lit på, skal dei øyda med sverd.

18Men jamvel i dei dagane, lyder ordet frå Herren, vil eg ikkje reint gjera ende på dykk.

19Og når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette med oss?» skal du svara dei: «Liksom de gjekk bort frå meg og dyrka framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje høyrer dykk til.»

20Kunngjer dette i Jakobs ætt, og rop det ut i Juda:

21Høyr dette, du uvituge folk som ikkje eig skjøn, som har augo, men ikkje ser, og øyro, men ikkje høyrer.

22Har de ikkje age for meg, skjelv de ikkje for mitt åsyn? lyder ordet frå Herren, eg som gav havet ¬ei sandstrand til grense, ein evig skipnad ¬det ikkje kan krenkja. Om det bryt på, ¬har det inga makt, om bylgjene brusar, ¬når dei ikkje over.

23Men dette folket ¬er trassig og stridlyndt, dei har vike av og gått sin veg.

24Dei seier ikkje med seg sjølve: «Lat oss ottast Herren vår Gud, han som sender regn i rette tid, både haustregn og vårregn, og syter for at vi kan hausta inn i dei vekene ¬som er fastsette til det.»

25Men fordi de har gjort vondt, har dette kome ut av lage; det er syndene dykkar som held alt dette gode ¬borte frå dykk.

26For det finst gudlause menn ¬i folket mitt. Dei ligg og lurer som når fuglefangarar ¬huker seg ned, set farlege snarer ¬og fangar menneske.

27Som eit bur er fullt av fuglar, er husa deira fulle av svik. Difor har dei vorte store ¬og rike,

28tjukke og feite er dei. Det fløymer over ¬med vonde ord. Dei dømer ikkje rett, tek seg ikkje av saka ¬åt farlause, så ho kan lukkast for dei, og syter ikkje for ¬at fattigfolk får sin rett.

29Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg på eit såvore folk?

30Det er fæle, ja, gruelege ting som går føre seg i landet.

31Profetane spår ved Lygna, prestane styrer og rår ¬som dei vil, og folket mitt likar det så. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.