Jeremiah 37NO1978NN

1Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Nebukadnesar, babylonarkongen, gjorde han til konge i Juda.

2Korkje Sidkia eller mennene hans eller folket i landet ville høyra på dei orda som Herren tala gjennom profeten Jeremia.

3Likevel sende kongen Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Ma’aseja, til profeten Jeremia. Dei skulle seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»

4På den tid gjekk Jeremia fritt ikring mellom folket; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.

5No hadde faraos hær fare ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og tok ut frå byen.

6Då kom Herrens ord til profeten Jeremia, og det lydde så:

7Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Faraos hær, som har drege ut for å hjelpa dykk, kjem til å venda attende til landet sitt, til Egypt.

8Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han.

9Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane fer visseleg bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.

10Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og dei berre hadde att nokre menn som var hardt såra, skulle dei alle reisa seg frå telta sine og brenna byen.

11Då kaldearhæren hadde teke ut frå Jerusalem av otte for faraos hær,

12gjekk Jeremia ut or byen. Han skulle til Benjamins-landet og skifta ein arv med folket sitt der.

13Men då han kom til Benjamins-porten, møtte han ein høgare vaktmann som heitte Jeria og var son til Sjelemja Hananjason. Han tok tak i profeten Jeremia og sa: «Du vil gå over til kaldearane!»

14«Det er lygn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje gå over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje på han. Han tok Jeremia og førte han til stormennene.

15Dei vart harme på Jeremia, slo han og sette han fast i huset åt statsskrivaren Jonatan; for det hadde dei gjort om til fengsel.

16Såleis kom Jeremia i fangeholet under kjellarkvelven, og der vart han sitjande i mange dagar.

17Men så sende kong Sidkia bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Har det kome noko ord frå Herren?» «Ja,» svara Jeremia og heldt fram: «Du skal gjevast i hendene på babylonarkongen.»

18Så sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva vondt har eg gjort mot deg og mennene dine og dette folket, sidan de har sett meg i fengsel?

19Og kvar er no profetane dykkar, som spådde at babylonarkongen ikkje ville koma og strida mot dykk og dette landet?

20Høyr no, herre konge! Lat mi audmjuke bøn koma fram for deg! Send meg ikkje attende til huset åt statsskrivaren Jonatan, og lat meg ikkje døy der!»

21Då sa kong Sidkia frå at dei skulle halda Jeremia i varetekt i vaktgarden. Der fekk han kvar dag brød frå Bakargata, til det var slutt på brødet i byen. Og Jeremia vart sitjande i vaktgarden.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 37.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.