1Sjefatja, son til Mattan, Gedalja, son til Pasjkur, Jukal, son til Sjelemja, og Pasjkur, son til Malkia, høyrde dei orda som Jeremia tala til alt folket:
2Så seier Herren: Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få livet til hærfang og leva vidare.
3Så seier Herren: Denne byen skal koma i hendene på babylonarkongens hær, som skal ta han.
4Då sa stormennene til kongen: «Denne mannen må døy; for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar såleis til dei. For han vil ikkje det som gagnar dette folket, men det som skader.»
5Kong Sidkia svara: «De får gjera med han som de vil. For kongen har inga makt over dykk.»
6Då tok dei Jeremia og kasta han i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden. Dei firte han ned med tog. Det var ikkje vatn i brunnen, men gjørme, som han sokk ned i.
7Ebed-Melek frå Nubia, ein hoffmann som tente i kongsgarden, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brunnen. Kongen sat då attmed Benjamins-porten.
8Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen:
9«Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brunnen, og der kjem han til å døy av svolt; for det finst ikkje meir brød i byen.»
10Då sa kongen til nubiaren Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå, og dra profeten Jeremia opp or brunnen før han døyr.»
11Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn i kongsgarden, til romet under skattkammeret. Der henta han nokre filler av utslitne og sundrivne klede og firte dei ned i brunnen til Jeremia med tog.
12Så sa han: «Ta no desse fillene kring toga og legg dei under armane.» Jeremia gjorde det,
13og så drog dei han opp med toga og fekk han ut or brunnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.
14Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og tok imot han ved den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til han: «Eg har eit spørsmål til deg. No må du ikkje løyna noko for meg.»
15Jeremia svara: «Talar eg rett ut, vil du vel drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.»
16Då sa kong Sidkia i løynd til Jeremia og svor: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss livet: Eg vil ikkje drepa deg og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»
17Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til babylonarkongens hovdingar, skal du berga livet, og byen skal ikkje brennast. Både du og ditt hus skal få leva.
18Men gjev du deg ikkje over til hovdingane, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa frå dei.»
19Kongen sa då til Jeremia: «Eg er redd for at dei judearane som har gått over til kaldearane, skal gje meg over til dei, og at dei skal fara stygt åt med meg.»
20Jeremia svara: «Det skal ikkje henda. Lyd berre Herrens ord som eg forkynner deg, så skal det gå deg vel, og du skal få leva.
21Men nektar du å gje deg over, så høyr kva Herren har synt meg:
22Alle kvinnene som var att i Juda-kongens slott, vart førte ut til hovdingane åt babylonarkongen, medan dei song: Dine beste vener lokka deg og fekk deg i si makt. Då føtene dine sokk ¬ned i gjørma, drog venene seg unna.
23Alle konene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men babylonarkongen skal ta deg til fange, og byen skal brennast.»
24Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen; elles skal du døy.
25Når stormennene får høyra at eg har tala med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen, og kva kongen sa til deg. Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg!
26Men då skal du svara dei: Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongen. Eg bad om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus, så eg skulle døy der.»
27Då alle stormennene kom til Jeremia og spurde han ut, svara han dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred; for saka hadde ikkje vorte kjend.
28Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.