1I det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, kom dette ordet til Jeremia frå Herren:
2Ta ein bokrull og skriv i han alle dei orda eg har tala til deg om Israel og Juda og alle dei andre folka, frå den fyrste gongen eg tala til deg, då Josjia var konge, og fram til denne dag.
3Kanskje all den ulukka eg har tenkt å føra over dei, får folket i Juda til å høyra, så dei alle vender om frå si vonde ferd; då vil eg tilgje dei deira synd og skuld.
4Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han.
5Så sa Jeremia til Baruk: Eg er hindra, eg kan ikkje gå til Herrens hus.
6Men gå du! Og på ein fastedag skal du lesa Herrens ord for folket i templet, or den boka der du har skrive det eg dikterte. Du skal òg lesa det for alle dei som kjem inn frå byane i Juda.
7Kanskje dei då vil be audmjukt til Herren og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. For Herren har truga dette folket med å visa stor vreide og harme.
8Baruk Neriason gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han gjekk til templet og las Herrens ord or boka.
9I det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, lyste dei ut faste for Herren. Alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda, skulle fasta.
10Då las Baruk opp or boka det som Jeremia hadde tala, medan alt folket høyrde på. Det gjorde han i Herrens hus, i romet åt statsskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye tempelporten.
11Då Mika, son til Gemarja Sjafansson, høyrde alle Herrens ord som vart opplesne or boka,
12gjekk han ned i kongsgarden, til romet åt statsskrivaren. Der sat alle stormennene samla: statsskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja, og alle dei andre stormennene.
13Mika fortalde dei alt det han hadde høyrt då Baruk las opp or boka for folket.
14Då sende alle stormennene ein mann med bod til Baruk; det var Jehudi, son til Netanja, som var son til Sjelemja Kusjison. Han skulle seia: «Ta med deg den bokrullen som du las or for folket, og kom hit!» Og Baruk Neriason tok bokrullen med seg og gjekk til dei.
15Dei sa då til han: «Set deg ned og les for oss!» Og Baruk las for dei.
16Då dei høyrde alle desse orda, såg dei forfærde på kvarandre og sa: «Vi må seia frå til kongen om dette.»
17Til Baruk sa dei: «Fortel oss korleis du kom til å skriva opp alt dette. Var det han som dikterte?»
18Baruk svara: «Jeremia dikterte alle desse orda, og eg skreiv dei opp i bokrullen med blekk.»
19Då sa stormennene til Baruk: «Gå og gøym dykk, du og Jeremia, og lat ingen få vita kvar de er!»
20Så gøymde dei bokrullen i romet åt statsskrivaren Elisjama og gjekk inn i slottsgarden til kongen. Og dei fortalde han alt saman.
21Då sende kongen Jehudi av stad etter bokrullen. Jehudi tok han frå romet åt statsskrivaren Elisjama og las han opp for kongen, medan alle stormennene stod ikring og høyrde på.
22Kongen heldt til i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framføre han.
23Kvar gong Jehudi hadde lese tre-fire spalter, tok kongen og skar dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet. Det heldt han fram med til heile bokrullen var oppbrend.
24Men korkje kongen eller nokon av mennene hans som høyrde desse orda, vart så redde at dei reiv sund kleda sine.
25Elnatan, Delaja og Gemarja naudbad kongen at han ikkje måtte brenna bokrullen, men han høyrde ikkje på dei.
26Sidan baud kongen Jerakme’el, kongssonen, Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abde’el, at dei skulle gripa skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men då hadde Herren løynt dei.
27Etter at kongen hadde brent bokrullen med dei orda Baruk skreiv opp etter Jeremias diktat, kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:
28Ta no ein annan bokrull og skriv i han dei same orda som stod i den førre rullen, den som Juda-kongen Jojakim brende.
29Til Jojakim, kongen i Juda, skal du seia: Så seier Herren: Du brende denne bokrullen og spurde: «Kvifor skreiv du i rullen at babylonarkongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut både folk og fe?»
30Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim: Han skal ikkje ha nokon etterkomar som får sitja på Davids kongsstol. Liket hans skal slengjast bort og liggja i heten om dagen og kulden om natta.
31Eg vil krevja han og ætta hans og mennene hans til rekneskap for det vonde dei har gjort. Eg sender over dei og over Jerusalems-buane og Juda-mennene all den ulukka som eg har truga dei med, men som dei ikkje ville høyra om.
32Så tok Jeremia ein annan bokrull og gav han til skrivaren Baruk Neriason. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp alt det som hadde stått i den rullen Jojakim, Juda-kongen, brende, og dessutan mange andre ord av same slaget.