Jeremiah 30NO1978NN

1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:

2Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ei bok alle dei orda eg har tala til deg!

3For dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vender lagnaden for folket mitt, Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan få det att.

4Dette er dei orda som Herren har tala om Israel og Juda:

5Så seier Herren: Vi høyrer eit rop av angst, det er redsle som rår, ¬og ingen fred.

6Berre spør deg føre og sjå om ein mann kan føda born! Kvifor ser eg då at alle menn held hendene på hoftene lik kvinner som skal føda, at kvart andlet ¬er omskift og bleikt?

7Ja, stor er den dagen, han har ikkje sin like. Det vert ei trengselstid ¬for Jakob, men han skal koma ¬vel igjennom.

8Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud, at eg bryt åket på nakken deira og slit lekkjene deira sund; dei skal ikkje træla ¬for framande lenger.

9Men dei skal tena ¬Herren sin Gud og David, kongen sin, som eg vil reisa opp ¬mellom dei.

10Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar, miss ikkje motet, Israel! lyder ordet frå Herren. For eg bergar deg ¬frå land langt borte, og di ætt frå landet ¬der ho er i fangenskap. Jakob skal atter få ro ¬og leva trygt, og ingen skal skræma han.

11For eg er med deg, ¬seier Herren, og vil frelsa deg. Eg gjer ende ¬på alle dei folkeslag som eg har spreitt ¬deg imellom; men deg gjer eg ikkje ende på. Eg tuktar deg med måte, men reint utan straff kan eg ikkje la deg vera.

12Så seier Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.

13Ingen fører di sak. Det er ikkje lækjedom ¬for ditt verkjesår, skinnet vil ikkje gro på det.

14Alle dine elskarar ¬har gløymt deg, dei spør ikkje etter deg. Som ein fiende har eg ¬slege deg, nådelaust har eg tukta deg; for skulda di var stor og syndene dine mange.

15Kvifor klagar du ¬over skaden din, over di liding ¬som ikkje kan lindrast? Fordi skulda di er stor og syndene dine mange, har eg gjort deg dette.

16Men alle som slukte deg, dei skal sjølve verta slukte, alle dine fiendar ¬må fara i fangenskap. Og dei som plyndra deg, skal sjølve verta plyndra; alle som rana deg, gjev eg til rov.

17Eg lèt såra dine gro og lækjer dei slag du har fått, ¬seier Herren, du som vart kalla ¬den bortstøytte, Sion, som ingen ¬spurde etter meir.

18Så seier Herren: Sjå, eg vil reisa opp att ¬Jakobs telt og miskunna meg ¬over hans bustader. Kvar by skal byggjast ¬på sin ruinhaug, kvar borg skal stå ¬på sin rette stad.

19Frå dei skal lovsongen stiga, og lyden av folk ¬som skjemtar og ler. Eg lèt dei auka i tal ¬og ikkje minka, eg gjev dei ære, ¬dei skal ikkje ¬vanvørdast.

20Jakobs søner skal vera så som dei var i gamal tid, deira lyd skal stå støtt ¬for mitt åsyn. Eg vil straffa alle som plaga dei.

21Deira hovding skal vera ¬ein av deira eigne, deira drott skal gå ut ¬frå dei sjølve. Eg lèt han koma ¬og stiga fram for meg. For kven vil elles våga livet og koma meg nær? ¬seier Herren.

22Og så skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.

23No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver, ein rykande storm fer av stad, han kjem i kvervlar ¬mot hovuda ¬på dei gudlause.

24Herrens brennande vreide ¬legg seg ikkje før han har sett i verk ¬og fullført det han hadde tenkt å gjera. Til sist, i dagar som kjem, skal de skjøna dette.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.