Jeremiah 29NO1978NN

1Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia.

2Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane.

3Brevet vart frambore av Elasa Sjafansson og Gemarja Hilkiason, som Juda-kongen Sidkia sende til Babylonia, til babylonarkongen Nebukadnesar, og det lydde så:

4Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia:

5Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!

6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka.

7Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.

8Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer!

9For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren.

10Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden.

11For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

12Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk.

13Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta,

14lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

15De seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babylonia.»

16Så seier Herren om kongen som sit på Davids kongsstol, og om alt folket som bur i denne byen, frendane dykkar, som ikkje laut fara bort frå landet saman med dykk,

17ja, så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg sender imot dei sverd og svolt og pest og gjer dei lik sprokne fikenar, som er så ringe at dei ikkje kan etast.

18Eg forfylgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, til forbanning og skræmsle, spott og vanære mellom alle dei folk eg har drive dei bort til,

19fordi dei ikkje lydde mine ord, seier Herren. Endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra, lyder ordet frå Herren.

20Men høyr no Herrens ord, alle de bortførte, som eg sende frå Jerusalem til Babylonia!

21Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om Akab Kolajason og om Sidkia Ma’asejason, som spår lygn for dykk i mitt namn: Eg gjev dei i hendene på Nebukadnesar, babylonarkongen, og han skal drepa dei for augo på dykk.

22Og etter dei skal dei laga ei forbanning, alle dei bortførte frå Juda som er i Babylonia, og seia: «Gjev Herren må gjera med deg som med Sidkia og Akab, som babylonarkongen steikte på bålet!»

23For dei gjorde eit skjemdarverk i Israel då dei dreiv hor med konene åt landsmennene sine og tala falske ord i mitt namn; det hadde eg ikkje sett dei til. Eg veit det og kan vitna om det, lyder ordet frå Herren.

24Til Sjemaja frå Neklam skal du seia:

25Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja Ma’asejason og til alle dei andre prestane:

26Herren har sett deg til prest etter Jojada, så du kan vera tilsynsmann i Herrens hus og sjå etter alle dei som er frå vitet og driv og spår; du skal setja dei i blokk og halsjern.

27Kvifor talar du då ikkje Jeremia frå Anatot til rettes, han som driv og profeterer for dykk?

28For han har sendt brev til oss i Babylonia og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!»

29Dette brevet las presten Sefanja opp for profeten Jeremia.

30Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

31Send bod til alle dei bortførte og sei: Så seier Herren om Sjemaja frå Neklam: Sjemaja har drive og profetert for dykk, endå eg ikkje har sendt han, og han har fått dykk til å lita på lygn.

32Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Neklam og etterkomarane hans. Ingen av ætta hans skal få bu mellom israelittane og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt. For han har forkynt fråfall frå Herren, lyder ordet frå Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.