Jeremiah 28NO1978NN

1Same året, i den fyrste tida etter at Sidkia hadde vorte konge i Juda, i det fjerde året, i den femte månaden, tala Hananja Assursson, profeten frå Gibeon, til meg i Herrens hus, medan prestane og alt folket høyrde på. Han sa:

2Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eg bryt sund babylonarkongens åk.

3Før to år er lidne, fører eg attende til denne staden alle dei kar frå Herrens hus som Nebukadnesar, kongen i Babylonia, tok med seg herifrå til Babylon.

4Og Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og alle dei bortførte frå Juda som kom til Babylonia, vil eg føra attende til denne staden, lyder ordet frå Herren; for eg bryt sund babylonarkongens åk.

5Då svara profeten Jeremia profeten Hananja, medan prestane og alt folket som stod i Herrens hus, høyrde på:

6«Ja, sanneleg, gjev Herren må gjera dette! Gjev Herren må setja i verk det du har spått og la tempelkara og alle dei bortførte koma attende til denne staden frå Babylonia.

7Men høyr no dette ordet som eg talar til deg og til alt folket.

8Dei profetane som steig fram før deg og meg, heilt frå gamle dagar, spådde krig og ulukke og pest for mektige land og store rike.

9Men når ein profet spår fred og lukke, og det går som han har sagt, då kan ein vita at han i sanning er send av Herren.»

10Då tok profeten Hananja åket av nakken på Jeremia og braut det sund.

11Og Hananja sa, medan alt folket høyrde på: «Så seier Herren: Såleis vil eg, før to år er lidne, bryta babylonarkongen Nebukadnesars åk og ta det av nakken på alle folka.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg.

12Men etter at profeten Hananja hadde teke åket av nakken på Jeremia og brote det sund, kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

13Gå og sei til Hananja: Så seier Herren: Eit treåk har du brote sund. Men eit jernåk skal du laga i staden.

14For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eit jernåk legg eg over nakken på alle desse folkeslaga, så dei skal tena Nebukadnesar, babylonarkongen, og træla under han. Jamvel villdyra på marka gjev eg over til han.

15Då sa profeten Jeremia til profeten Hananja: «Høyr, Hananja! Herren har ikkje sendt deg. Og du har fått dette folket til å lita på lygn.

16Difor seier Herren: No sender eg deg, men bort frå jorda. Alt i år skal du døy, fordi du forkynte fråfall frå Herren.»

17Og profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 28.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.