Jeremiah 27NO1978NN

1Kort tid etter at Sidkia, son til Josjia, hadde vorte konge i Juda, kom dette ordet til Jeremia frå Herren:

2Så sa Herren til meg: Lag deg reip og åk, og legg dei over nakken din!

3Send dei til kongane i Edom, Moab, Ammon, Tyrus og Sidon med dei sendemennene som er komne til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,

4og bed dei seia til herrane sine: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Så skal de seia til herrane dykkar:

5Det er eg som har skapt jorda og menneska og dyra som lever der, med mi store kraft og min strake arm. Eg kan gje det til den eg held for den rette.

6Og no gjev eg alle desse landa i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Jamvel villdyra på marka gjev eg han, så dei skal tena han.

7Alle folkeslag skal træla for han og son hans og soneson hans, til dess tida kjem for hans eige land, då mange folkeslag og store kongar skal gjera han til træl.

8Det folket og det riket som ikkje vil tena babylonarkongen Nebukadnesar og ikkje vil bøya nakken under hans åk, det folket straffar eg med sverd og svolt og pest, til eg får gjort ende på dei ved hans hand, lyder ordet frå Herren.

9De skal ikkje høyra på profetane dykkar eller på spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene, som seier til dykk: «De kjem ikkje til å træla for kongen i Babylonia.»

10Det er lygn det dei spår dykk; dei vil ha dykk ut or landet dykkar; og eg driv dykk bort og lèt dykk gå til grunne.

11Men det folket som bøyer nakken under babylonarkongens åk og tener han, det lèt eg vera i fred på si jord, så dei kan dyrka henne og bu der, lyder ordet frå Herren.

12Til Sidkia, Juda-kongen, sa eg det same: Bøy nakken under babylonarkongens åk og ten han og folket hans, så skal de få leva.

13Kvifor vil de døy, du og folket ditt, for sverd og svolt og pest? Såleis har då Herren truga med å straffa kvart folk som ikkje vil tena kongen i Babylonia.

14Høyr ikkje på profetane som seier: «De kjem ikkje til å træla for babylonarkongen.» Det er lygn det dei spår dykk.

15For eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. Dei spår lygn i mitt namn, så eg skal driva dykk bort og la dykk gå til grunne saman med profetane som spådde for dykk.

16Til prestane og heile folket her sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei spår for dykk og seier: «Dei heilage kara frå Herrens hus skal no snart førast heim att frå Babylon.» For det er lygn det dei spår.

17Høyr ikkje på dei, men ten babylonarkongen, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen leggjast i røys?

18Men er dei profetar, er Herrens ord med dei, så lat dei be inderleg til Herren, Allhærs Gud, at dei kara som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem, ikkje må koma til Babylon.

19For så seier Herren, Allhærs Gud, om søylene, bronsehavet, fotstykka og alt det andre som er att her i byen,

20og som babylonarkongen Nebukadnesar ikkje tok med seg då han førte Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, som fange frå Jerusalem til Babylon, i lag med alle stormennene i Juda og Jerusalem,

21ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om dei kara som er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem:

22Til Babylon skal dei førast, og der skal dei vera heilt til den dagen eg tek meg av dei, lyder ordet frå Herren. Då hentar eg dei og fører dei attende til denne staden.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.