Jeremiah 31NO1978NN

1På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.

2Så seier Herren: Det folket ¬som slapp unna sverdet, har funne nåde i øydemarka. Israel skal fara av stad ¬og finna ro.

3Langt bortanfrå ¬synte Herren seg for dei: Med evig kjærleik ¬har eg elska deg, difor lèt eg mi miskunn ¬mot deg vara ved.

4Endå ein gong ¬skal eg byggja deg, ja, du skal byggjast, Israel, du unge møy. Endå ein gong ¬skal du pryda deg ¬med handtrommer og gå ut i dansen med ¬dei glade.

5Endå ein gong ¬skal du planta vinhagar på Samaria-fjella; og dei som plantar, ¬skal sjølve nyta frukta.

6Ja, det kjem ein dag då vaktmenn ropar ¬på Efraims-fjellet: Kom, lat oss fara opp til Sion, til Herren vår Gud!

7Så seier Herren: Gled deg storleg over Jakob, og rop av fagnad over han ¬som er hovding ¬mellom folka! Lat lovsongen ljoma og sei: «Herren har frelst sitt folk, dei som er att av Israel.»

8Eg fører dei heim att ¬frå landet i nord, eg samlar dei ¬frå utkantane av jorda. Blant dei er både blinde ¬og halte, ja, svangre ¬og fødande kvinner med; dei kjem attende ¬i store flokkar.

9Gråtande kjem dei, ¬med audmjuk bøn; eg leier og fører dei til rennande bekker, på jamn veg, ¬der dei ikkje snåvar. Eg er som ein far for Israel, Efraim er min fyrstefødde son.

10Høyr Herrens ord, ¬de folkeslag! Forkynn det på fjerne strender ¬og sei: Han som spreidde Israel, samlar og gjæter det som ein hyrding ¬gjæter sin flokk.

11For Herren har fria ut Jakob og løyst han ¬or overmanns hand.

12Dei kjem med jubelrop ¬til Sion-fjellet, dei strålar av glede ¬over Herrens gode gåver: korn og vin og olje, sauer og geiter og oksar. Sjølve skal dei vera ¬som ein vassrik hage og ikkje lenger lida naud.

13Då skal jentene dansa av glede og gamle menn gleda seg ¬med dei unge. Eg vender deira sorg til fryd, og trøystar og gleder ¬dei som syrgde.

14Eg lèt prestane få rikeleg ¬med feite retter og mettar mitt folk ¬med gode gåver, lyder ordet frå Herren.

15Så seier Herren: Høyr, det lyder klagerop ¬i Rama, det er einkvan ¬som græt så sårt. Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta, for dei er borte.

16Så seier Herren: Hald opp med å gråta, turka tårene frå augo dine! Du skal få løn for ditt strev, ¬seier Herren, dei skal koma heim att ¬frå fiendeland.

17Det er von for di framtid, ¬seier Herren, borna skal venda heim ¬til sitt land.

18Klårt har eg høyrt ¬korleis Efraim klagar: Du har tukta meg, ¬ja, eg vart tukta, lik ein kalv som ikkje er tamd. Vend du meg om, ¬så eg vender om! For du, Herre, er min Gud.

19Etter at eg har vendt meg bort, ¬angrar eg, og sidan eg har fått betre skjøn, slår eg meg for brystet. Skjemd og skamfull må eg bøta for min ungdoms ¬skamlause ferd.

20Er Efraim min kjære son, barnet eg har hugnad i? Kvar gong eg talar imot han, må eg tenkja på han ¬med velvilje. Difor bankar mitt hjarta ¬i medynk med han, eg må syna han miskunn, lyder ordet frå Herren.

21Reis vardar som viser veg, set opp merkesteinar for deg! Legg nøye merke til ¬den vegen du gjekk! Kom heim att, Israel, ¬du unge møy, kom heim att til byane dine!

22Kor lenge vil du snu deg ¬hit og dit, du fråfalne dotter? No vil Herren skapa noko nytt ¬i landet; då kan ei kvinne ¬verja ein mann.

23Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei seia i Juda og i byane der, når eg vender lagnaden deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.»

24Folket i Juda og i alle byane skal bu saman der, både bønder og gjætarar som flakkar ikring.

25Eg lèt den som er utmødd, drikka seg utyrst og mettar alle som lid naud.

26Då vakna eg og såg meg om. Svevnen hadde gjort meg godt.

27Sjå dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg både i Israel og Juda sår ut eit sæde av menneske og dyr.

28Og liksom eg vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, å bryta ned, øydeleggja og skada, så vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, lyder ordet frå Herren.

29På den tid skal dei ikkje lenger seia: Fedrane åt sure druer, og borna fekk ringe tenner.

30Men kvar skal døy ¬for si eiga synd. Den som et sure druer, skal sjølv få ringe tenner.

31Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels ætt og Judas ætt,

32ei pakt som er annleis enn den eg gjorde ¬med fedrane deira, den gongen eg tok dei i handa og førte dei ut or Egypt, den pakta med meg ¬som dei braut, endå eg var deira rette herre, ¬seier Herren.

33Nei, såleis er den pakta ¬eg vil gjera med Israels-folket ¬i dagar som kjem, lyder ordet frå Herren: Eg vil leggja mi lov ¬i hugen deira og skriva henne i hjarta deira. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

34Då skal ingen lenger læra sin neste og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, seier Herren. For eg vil tilgje ¬deira misgjerning og aldri meir ¬koma deira synd i hug.

35Så seier Herren, han som sette sola til å lysa ¬om dagen og laga det så at månen og stjernene ¬lyser om natta, han som rører opp havet ¬så bylgjene brusar, – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn:

36Lèt eg denne skipnaden vika, lyder ordet frå Herren, skal Israels-ætta òg for alltid halda opp med å vera mitt folk.

37Så seier Herren: Kan himmelen der oppe ¬mælast, og grunnvollane under jorda ¬der nede granskast, då vil eg òg støyta frå meg ¬heile Israels ætt for alt dei har gjort, ¬seier Herren.

38Dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten.

39Derifrå skal mælesnora gå beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa.

40Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera vigde til Herren. Aldri meir skal byen rivast eller brytast ned.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.