Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Jeremiah 20

:
Norwegian - NO1978NN
1 Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen,
2 lét han profeten Jeremia piska og sette han i blokka ved den øvre Benjamins-porten, som fører inn til Herrens hus.
3 Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring».
4 For seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd.
5 Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia.
6 Og du, Pasjkur, og alle som bur i ditt hus, skal fara i fangenskap og koma til Babylonia. Der skal du døy, og der skal du finna di grav, både du og alle venene dine, som du har spått lygn for.
7 Du lokka meg, Herre, ¬og eg lét meg lokka; du vart for sterk for meg ¬og vann. Eg er til låtteløye heile dagen, alle spottar meg.
8 ofte eg talar, lyt eg skrika, «Vald og overfall!» lyt eg ropa. For Herrens ord har dagen lang vorte meg til spott og skam.
9 Men når eg tenkte: «Eg vil gløyma han og ikkje lenger tala ¬i hans namn», vart det som logande eld ¬i mitt hjarta, innestengd i mine bein. Eg streva for å halda det att, men greidde det ikkje.
10 Ja, eg har høyrt mange ¬som kviskrar det er noko som skræmer ¬på alle kantar: «Meld han! ¬Vi skal melda han!» Alle som eg hadde fred med, ventar at eg skal falla: «Kanskje lèt han seg lokka, vi kan han i vår makt og hemna oss han.»
11 Men Herren er med meg ¬lik ei veldig kjempe. Difor skal dei snåva, dei som forfylgjer meg, og ikkje vinna over meg. Dei skal stå der med stor skam fordi dei ikkje ¬hadde lukka med seg ei vanære som aldri ¬vert gløymd.
12 Herre, Allhærs Gud, du som prøver den rettferdige, som ser både hjarta og nyrer, lat meg sjå at du tek ¬hemn over dei, for eg har lagt mi sak i di hand.
13 Syng for Herren, ¬lovpris Herren, for han bergar den fattige og friar han ¬frå ugjerningsmenn.
14 Forbanna vere den dagen eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, skal ikkje vera velsigna!
15 Forbanna vere den mann som kom til far min ¬med gledebodet: «Du har fått ein gut,» og såleis gledde han storleg.
16 Lat det den mannen ¬som det gjekk dei byane Herren øydela utan medynk! Lat han høyra skrik ¬om morgonen og hærrop midt dagen,
17 fordi han ikkje drap meg ¬i mors liv, mor mi vart mi grav og alltid gjekk med barn.
18 Kvifor kom eg ut or mors liv når eg berre skulle oppleva ¬møde og sorg og enda mine dagar i skam?