Jeremiah 19NO1978NN

1Så sa Herren: Gå til krusmakaren og kjøp ei krukke! Ta så med deg nokre av dei eldste i folket og av prestane

2og gå ut i Hinnom-dalen, til inngangen til Krusbrot-porten! Der skal du forkynna dei orda eg talar til deg.

3Du skal seia: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over denne staden at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det,

4fordi dei gjekk bort frå meg og vanæra denne staden. Der brende dei offer for andre gudar, som korkje dei eller fedrane deira hadde kjent. Og Juda-kongane fylte denne staden med blod av skuldlause.

5Dei bygde offerhaugar for Ba’al og brende sønene sine i elden som brennoffer for Ba’al. Det har eg ikkje bode eller sagt dei; det har aldri vore i mine tankar.

6Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnom-dalen, men Drapsdalen.

7På denne staden gjer eg Judas og Jerusalems planar til inkjes. Eg lèt dei falla for sverd beint framfor augo på fiendane deira, ved dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

8Eg gjer denne byen til skræmsle og spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår han har fått.

9Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, og den eine skal eta kjøtet av den andre i den trengsle og naud som fiendane deira og dei som står dei etter livet, fører over dei.

10Sidan skal du knusa krukka framfor augo på dei menn som går med deg,

11og seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil knusa dette folket og denne byen liksom ein knuser eit leirkar, så det ikkje lèt seg bøta. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.

12Såleis vil eg fara åt med denne staden og med dei som bur der, lyder ordet frå Herren; eg vil gjera denne byen lik Tofet.

13Og husa i Jerusalem og husa åt Juda-kongane skal verta ureine som Tofet, alle dei husa der dei oppå taka har brent offer for heile himmelhæren og rent ut drikkoffer for andre gudar.

14Då Jeremia kom att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å tala profetord, steig han fram i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket:

15Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No sender eg over denne byen og over alle dei byane som høyrer han til, all den ulukka eg har truga med. For dei er stridlyndte og høyrer ikkje på mine ord.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.