1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:
2«Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.»
3Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva.
4Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.
5Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
6Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.
7Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.
8Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.
9Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta.
10Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast!
12Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»
13Difor seier Herren: Spør mellom folkeslaga: Kven har høyrt noko slikt? Det er fæle ting møya Israel har gjort.
14Kan snøen på Libanon bråna bort på det høge fjellet? Eller kan det kalde vatnet frå framandt land turka ut?
15Men mitt folk har gløymt meg, dei brenner offer ¬for falske gudar. Dei snåvar på vegane sine, på dei eldgamle stigane, og slår inn på andre spor, der ingen veg er bygd.
16Såleis gjer dei landet sitt ¬til eit skræmsel og til ei evig spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og rista ¬på hovudet.
17Liksom austavinden ¬spreier eg dei for augo på fiendane deira. Eg viser dei ryggen ¬og ikkje andletet den dagen ulukka når dei.
18Dei sa: «Kom, lat oss tenkja ut vonde planar mot Jeremia! For det vantar ikkje rettleiing ¬hjå presten, råd hjå den vise ¬eller ord hjå profeten. Kom, lat oss fella han ¬med hans eigne ord og ikkje høyra på noko ¬av det han seier.»
19Herre, lyd på meg! Høyr kva mine motstandarar ¬seier!
20Skal ein løna godt med vondt? Dei har då grave ei grav ¬for meg. Men kom i hug ¬at eg stod for ditt åsyn, ville tala deira sak og venda din harme bort ¬frå dei.
21Gjev difor borna deira ¬over til svolten, lat sverdet ta seg av dei! Lat kvinnene verta barnlause ¬og enkjer, lat mennene råkast av døden og unggutane falla for sverd ¬i krigen.
22Lat det høyrast skrik ¬i husa deira når du brått lèt ein røvarflokk ¬koma over dei. Dei grov då ei grav ¬til å fanga meg og sette løynde snarer ¬for føtene mine.
23Men du, Herre, kjenner til at dei legg planar ¬om å drepa meg. Ta ikkje bort deira skuld, og stryk ikkje ut deira synd ¬for ditt åsyn, men lat dei falla og liggja der! Grip inn mot dei ¬på din vreidedag!