Jeremiah 17NO1978NN

1Judas synd er skriven ¬opp med jerngriffel og rita inn med diamantstift på deira hjartetavle ¬og på altarhorna.

2Sønene deira skal minnast altara og Asjera-pålane som dei hadde ¬under kvart grønt tre og på høge haugar,

3på bergtoppar ute i marka. Din rikdom og alle dine skattar gjev eg til plyndring, like eins dine offerhaugar til straff for synda ¬i heile ditt land.

4Av deg sjølv må du seia frå deg den arven eg gav deg. Eg lèt deg træla for ¬dine fiendar i eit land du ikkje kjenner. For vreiden min logar som eld, og han skal brenna for alltid.

5Så seier Herren: Forbanna er den mann som set si lit til menneske, som stør seg ¬til vesale skapningar og vender seg bort frå Herren.

6Han er lik ein busk ¬i øydemarka; han får ikkje sjå at lukka kjem, men held til ¬på dei turraste vidder, i eit saltlende, der ingen bur.

7Velsigna er den mann ¬som lit på Herren og set si von til han.

8Han er lik eit tre ¬som er planta attmed vatn og tøyer røtene bort åt ¬ein bekk. Det reddast ikkje ¬når heten kjem, men står der ¬med lauvet grønt. Det sturer ikkje i turketider og held ikkje opp ¬med å bera frukt.

9Hjarta er meir svikefullt ¬enn noko anna, det kan ikkje lækjast. Kven skjønar seg på det?

10Eg, Herren, er den som granskar hjarta ¬og prøver nyrer. Eg løner kvar og ein ¬etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar.

11Lik ei rapphøne ¬som ligg på egg ho ikkje sjølv har vorpe, er den som vinn rikdom ¬med urett. Midt i si levetid ¬må han gå frå han og står der til sist som ein narr.

12Ein herleg kongsstol, opphøgd frå den fyrste tid, er staden ¬der vår heilagdom står.

13Herre, du Israels von, alle som går bort frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg i landet, skal skrivast opp. For dei har gått bort ¬frå Herren, kjelda med levande vatn.

14Læk meg, Herre, ¬så vert eg lækt! Frels meg du, ¬så vert eg frelst! For du er min lovsong.

15Folk kjem og seier til meg: «Kvar vart det av Herrens ord? Lat det no koma!»

16Eg har ikkje nekta ¬å vera hyrding og fylgja etter deg, eg har ikkje ynskt ¬ulukkedagen hit. Du veit kva eg har forkynt, det ligg ope for deg.

17Ver ikkje til redsle for meg! Du er mi livd på ulukkedagen.

18Lat ikkje meg ¬verta til skammar, men dei som forfylgjer meg. Lat ikkje meg, men dei verta gripne av redsle! Lat ein ulukkedag ¬koma over dei, knus dei med eit dobbelt slag!

19Så sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Juda-kongane går inn og ut, og i alle dei andre portane i Jerusalem,

20og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, du Juda-folk og alle Jerusalems-buar, de som går inn gjennom desse portane.

21Så seier Herren: Akta dykk, så sant de har livet kjært, så de ikkje ber bører på sabbatsdagen og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei.

22Heller ikkje må de bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen eller gjera noko arbeid. De skal halda kviledagen heilag, så som eg baud fedrane dykkar.

23Dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til, men var stridlyndte; dei lydde ikkje og tok ikkje imot lærdom.

24Dersom de høyrer på meg, lyder ordet frå Herren, så de ikkje ber bører inn gjennom portane i denne byen på sabbatsdagen, men held kviledagen heilag og ikkje gjer noko arbeid då,

25skal kongar som sit på Davids kongsstol, og som køyrer med hestar og vogner, få koma inn gjennom portane, både dei og hovdingane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane. Og det skal alltid bu folk i denne byen.

26Då skal dei koma frå byane i Juda og bygdene kring Jerusalem, frå Benjamins-landet, Sjefela, fjell-landet og Negev og bera fram brennoffer, slaktoffer, grødeoffer og røykjelse og ofra takkoffer i Herrens hus.

27Men vil de ikkje lyda meg og halda kviledagen heilag, men kjem med bører inn gjennom Jerusalems portar på sabbatsdagen, då set eg eld på portane. Han skal øyda borgene i Jerusalem og skal ikkje slokna.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.