Jeremiah 21NO1978NN

1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren då kong Sidkia sende til han Pasjkur, son til Malkia, og presten Sefanja, son til Ma’aseja. Dei sa:

2«Spør Herren til råds for oss! For Nebukadnesar, kongen i Babylonia, strider imot oss. Kanskje Herren vil gjera eit under, som han så ofte har gjort, så fienden fer sin veg.»

3Jeremia svara dei: De skal seia til Sidkia:

4Så seier Herren, Israels Gud: Når de strider utanfor muren mot babylonarkongen og kaldearane som kringset dykk, driv eg dykk attende, og dei krigsvåpna de brukar, samlar eg midt i denne byen.

5Sjølv vil eg strida mot dykk med utrett hand og sterk arm, i vreide, harme og stor uvilje.

6Eg vil slå i hel dei som bur her i byen, både folk og fe; i ein hard pest skal dei døy.

7Og sidan, lyder ordet frå Herren, gjev eg Juda-kongen Sidkia og mennene hans og folket – dei som er att her i byen etter pesten, sverdet og svolten – i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, på fiendane deira og på folk som står dei etter livet. Med kvasse sverd skal dei hogga dei ned utan medkjensle, medynk eller miskunn.

8Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.

9Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som går ut og gjev seg over til kaldearane, som kringset dykk, skal koma frå det og berga livet.

10For eg vender augo mot denne byen og vil senda ulukke og ikkje lukke, lyder ordet frå Herren. Byen skal gjevast i hendene på babylonarkongen, og han skal setja eld på han.

11Om kongehuset i Juda.

12Høyr Herrens ord, ¬du Davids ætt! Så seier Herren: Døm rettferdig kvar morgon, fri den som er rana, ¬or valdsmannens hand. Elles skal harmen min ¬loga som eld og brenna ¬utan at nokon sløkkjer for alt det vonde de har gjort.

13No kjem eg mot deg, du by som tronar over dalen, du berg på sletta, lyder ordet frå Herren. De seier: «Kven kan koma ned mot oss og trengja inn i våre ¬bustader?»

14Men eg vil straffa dykk, det er frukta ¬av dykkar gjerningar, lyder ordet frå Herren. Eg set eld på skogen i byen, og han skal øyda alt ikring.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.