Jeremiah 1NO1978NN

1Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamins-landet.

2Herrens ord kom til han på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans.

3Det kom òg til han på den tid då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og heilt til slutten av det ellevte året Sidkia, son til Josjia, styrte i Juda, det året då folket i Jerusalem vart bortført i den femte månaden.

4Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

5«Før eg forma deg i mors liv, ¬kjende eg deg, og før du vart fødd, ¬helga eg deg; til profet for folka sette eg deg.»

6Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!»

7Då sa Herren til meg: «Sei ikkje: Eg er så ung! Alle eg sender deg til, ¬skal du gå til, og alt det eg byd deg, ¬skal du tala.

8Ver ikkje redd dei, for eg vil vera med deg ¬og berga deg,» lyder ordet frå Herren.

9Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg: «Sjå, eg legg orda mine ¬i din munn.

10Eg set deg i dag ¬over folk og rike til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og bryta sund, til å byggja og planta.»

11Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av vaketreet.»

12Då sa Herren til meg: «Du såg rett; for eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»

13Herrens ord kom til meg andre gongen: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte; ho hallar hit frå nord.»

14Då sa Herren til meg: Frå nord skal ulukka ¬sleppast laus over alle som bur i landet.

15For sjå, eg kallar på alle folk i rika der nord, seier Herren. Dei skal koma ¬og reisa kvar sin kongsstol beint framfor portane ¬i Jerusalem, mot alle murane ikring og mot alle byane i Juda.

16Då vil eg døma dei ¬for all deira vondskap, fordi dei vende seg bort ¬frå meg, brende offer for andre gudar og tilbad ting ¬dei sjølve hadde laga.

17Men du, spenn beltet om livet og stå fram og tal til dei alt det eg byd deg! Ver ikkje redd dei, elles gjer eg deg redd dei!

18Sjå, eg gjer deg i dag ¬til ei fast borg, til ein jernstolpe ¬og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane og ¬stormennene i Juda, mot prestane og folket ¬i landet.

19Dei skal strida mot deg, ¬men ikkje vinna; for eg vil vera med deg ¬og berga deg, lyder ordet frå Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.