Jeremiah 2NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Gå og rop ut så det høyrest i Jerusalem: Så seier Herren: ¬Eg kjem i hug ¬din ungdoms truskap, din kjærleik i trulovingstida, då du fylgde meg i øydemarka, i eit land der ingen sår.

3Heilagt var Israel for Herren, fyrstegrøda av hans avling. Alle som ville gløypa folket, ¬laut bøta, ulukke kom over dei, lyder ordet frå Herren.

4Høyr Herrens ord, ¬du Jakobs ætt, alle ætter i Israels hus.

5Så seier Herren: Kva gale fann fedrane dykkar ¬hjå meg, sidan dei gjekk bort frå meg og heldt seg til gudar ¬som ikkje duger, så dei vart duglause sjølve?

6Dei spurde ikkje: «Kvar er Herren som førte oss opp frå Egypt og leidde oss ¬gjennom øydemarka, eit land med moar og kløfter, eit land med turk og mørker, eit land der folk ikkje ferdast og menneske ikkje bur?»

7Eg førte dykk ¬til eit veldyrka land, der de fekk nyta frukta ¬og grøda. Men då de kom dit inn, gjorde de landet mitt ureint og odelen min ¬til ein styggedom.

8Prestane spurde ikkje: ¬«Kvar er Herren?» Og dei som syslar med lova, ¬kjende meg ikkje. Hyrdingane fall frå meg, profetane spådde ved Ba’al og heldt seg ¬til gagnlause gudar.

9Difor vil eg framleis føra klagemål mot dykk, lyder ordet frå Herren, ja, føra klagemål ¬mot barneborna dykkar.

10Far over til kittearøyane ¬og sjå, send bod til Kedar ¬og røk vel etter, ja, sjå om noko slikt har hendt!

11Har noko folk bytt bort ¬sine gudar – endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk har bytt bort ¬si ære mot det som ikkje gagnar.

12Reddast, du himmel, ja, skjelv av redsle over dette! lyder ordet frå Herren.

13For to vonde ting ¬har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar ¬som ikkje held vatn.

14Er Israel ein træl, er han ein heimefødd træl? Kvifor har han vorte røva?

15Unge løver brølte mot han, høgt lét dei røysta si ljoma. Landet hans vart gjort ¬til ei audn, byane vart brende, ¬så ingen kan bu der.

16Jamvel menn ¬frå Nof og Takpanhes har gjort deg skallet.

17Er du ikkje sjølv skuld i dette fordi du gjekk bort ¬frå Herren din Gud den tid han førte deg på vegen?

18Kva hjelper det vel ¬at du fer til Egypt og vil drikka vatn or Nilen? Kva hjelper det ¬at du fer til Assur og vil drikka vatn or Eufrat?

19Det er din eigen vondskap ¬som tuktar deg, ditt fråfall som fører til straff. Så må du då skjøna og sjå kor vondt og beiskt det er at du har gått bort ¬frå Herren din Gud og ikkje lenger har age for meg, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

20Frå fyrste stund ¬har du brote åket og slite sund lekkjene dine. Du sa: «Eg vil ikkje ¬tena deg lenger.» På alle høge haugar og under kvart grønt tre la du deg ned og dreiv utukt.

21Eg planta deg ¬som eit edelt vintre, ei heilt igjennom ekte plante. Korleis har du då vorte omskapt til villskot, eit uekte vintre?

22Om du vaskar deg i lut og øydslar med såpe, ser eg likevel di skitne skuld, lyder ordet frå Herren Gud.

23Korleis kan du seia: «Eg er ikkje urein, eg har ikkje sprunge ¬etter Ba’al-gudane»? Sjå kva du dreiv med ¬nede i dalen, og skjøn kva du har gjort! Du liknar ei lettføtt ¬kamelhoppe som renner hit og dit,

24eit villesel, kjent på steppa. Ho syp etter anden ¬i sin brunst; kven kan døyva hennar trå? Dei som leitar etter henne, treng aldri springa seg trøytte; i paringstida ¬finn dei henne lett.

25Lat ikkje foten din verta berr, og spar strupen din for torste! Men du svarar: «Nei, det er nyttelaust, for eg elskar dei framande, ¬dei vil eg fylgja.»

26Som ein tjuv må skjemmast ¬når han vert gripen, såleis skal israelittane ¬skjemmast, både dei sjølve ¬og kongane deira, hovdingane, prestane ¬og profetane deira.

27Dei seier til treet: ¬«Du er far min,» og til steinen: ¬«Du har født meg.» Dei snur ryggen til meg ¬og ikkje andletet; men når ulukka kjem, seier dei: «Reis deg og hjelp oss!»

28Kvar er då gudane ¬som du laga deg? Lat dei reisa seg og hjelpa deg ¬når ulukka kjem! For du har like mange gudar som du har byar, Juda.

29Kvifor ligg de i strid med meg? De har alle gjort opprør ¬mot meg, lyder ordet frå Herren.

30Til fånyttes slo eg ¬sønene dykkar; dei lét seg ikkje aga. Som ei herjande løve tynte dykkar sverd profetane.

31De som høyrer denne ætta til, akta på Herrens ord! Har eg vore ¬som ei øydemark for Israel eller som eit kolmørkt land? Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil, vi kjem aldri meir til deg»?

32Kan ei ungjente gløyma ¬sin prydnad eller ei brur sitt belte? Men mitt folk har gløymt meg i uminnelege tider.

33Kor vel du veit å finna vegen når du trår etter elskhug! Difor har du òg lært deg å gå på vonde vegar.

34Ja, på kappesnippane ¬har du blod av skuldlause fattigfolk, som du ikkje har gripe ¬i innbrot.

35Likevel seier du: «Eg er skuldlaus, vreiden hans ¬har vendt seg frå meg.» No stemner eg deg for retten, for du seier: ¬«Eg har ikkje synda.»

36Å, kor lett du tek det med å velja ein annan veg! Men Egypt kjem òg til å verta ¬eit vonbrot for deg, like eins som Assur vart det.

37Jamvel derifrå må du gå med hendene over hovudet. For Herren har vraka dei du set di lit til. Du får inga nytte av dei.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.