1Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk!
2Rikdomen dykkar rotnar, og kleda vert mòletne;
3gullet og sølvet rustar bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta dykkar kjøt som eld. De har nytta endetida til å samla rikdom.
4Men høyr: Den løna de heldt att for dei som skar åkrane dykkar, ropar høgt, og klageropet frå onnefolket har nått fram til Herren Sebaot.
5I vellivnad og overflod har de levt på jorda og gjort hjarto dykkar feite til slaktedagen.
6Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.
7Ver då tolmodige, brør, til dess Herren kjem! Ein bonde må venta med tolmod på den dyre grøda som jorda gjev, til både haustregnet og vårregnet har falle.
8Så må de òg vera tolmodige og ved godt mot, for Herren kjem snart.
9Hald opp med å klaga på kvarandre, brør, elles vert de dømde. Domaren står alt for døra.
10Brør, ta profetane til føredøme, dei som tala i Herrens namn; dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt.
11Og sæle prisar vi alle som held ut. De har høyrt korleis Job heldt ut og har sett korleis Herren lét det gå han til sist. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.
12Men framfor alt, brør, må de ikkje sverja, korkje ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under domen!
13Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.
14Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.
15Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.
16Sanna då syndene for kvarandre og bed for kvarandre, så de kan verta lækte. Rettferdig manns bøn har stor kraft og verknad.
17Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad at det ikkje skulle regna, og det regnde ikkje i landet på tre år og seks månader.
18Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.
19Mine brør! Om ein av dykk fer vilt og kjem bort frå sanninga, og ein annan fører han attende,
20då skal de vita: Den som får ein syndar til å venda om frå sine ville vegar, han bergar ei sjel frå døden og løyner ei mengd med synder.