James 4NO1978NN

1Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar?

2De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.

3Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting.

4De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende.

5Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss.

6Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

7Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk.

8Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga!

9Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg!

10Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk.

11Tal ikkje vondt om kvarandre, brør! Den som talar vondt om ein bror eller dømer ein bror, han talar vondt om lova og dømer lova. Men dersom du dømer lova, då gjer du ikkje det ho seier, men set deg til doms over henne.

12Det er berre éin lovgjevar og domar, han som har makt både til å frelsa og tyna. Men kven er du som dømer nesten din?

13Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» –

14og så kjenner de ikkje morgondagen og det som ventar dykk då! For de er berre ein røyk som er synleg ei lita stund og så vert borte.

15De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera dette eller hitt.»

16Men no rosar de dykk sjølve og brukar store ord. All slik ros er av det vonde.

17Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han syndar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for James 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.