1Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever i framande land, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia,
2dei som er utvalde slik Gud Fader føreåt hadde fastsett, og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing ved Jesu Kristi blod. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!
3Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde,
4til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk,
5de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.
6Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar.
7Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.
8Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord;
9for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.
10Denne frelsa var det profetane grunda på og granska, då dei spådde om den nåden de skulle få.
11Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. Anden vitna om korleis Kristus skulle lida og sidan opphøgjast i herlegdom.
12Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den Heilage Ande, som er send frå himmelen. Dette er ting som jamvel englar lengtar etter å sjå inn i.
13Så spenn då beltet om livet, ver budde i hug og tanke og hald dykk vakne! Set dykkar von fullt og fast til den nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.
14Som lydige born skal de ikkje lenger fylgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.
15Han som kalla dykk, er heilag; så skal de òg vera heilage i all dykkar ferd.
16For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17De påkallar Gud som Far, han som ikkje gjer skil på folk, men dømer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg ferdast i age for Gud den tid de er her som framande.
18De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane;
19det var med Kristi dyre blod, blodet av eit ulastande og lytelaust lam.
20Han var etla til dette før verda vart skapt, og for dykkar skuld har han vorte openberra i dei siste tider.
21Ved han er de komne til tru på Gud, som reiste Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom. Difor er trua dykkar òg von til Gud.
22I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta!
23For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer.
24For alt levande er som gras og all deira herlegdom ¬som blomen på graset. Graset visnar, ¬og blomen fell av.
25Men Herrens ord varer ¬til evig tid. Dette er det ordet som er forkynt dykk i evangeliet.