1Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,
2og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.
3De har då smaka at Herren er god.
4Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.
5Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.
6For det heiter i Skrifta: Sjå, eg legg på Sion ¬ein hjørnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar.
7Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,
8ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.
10Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
11Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.
12Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem.
13For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,
14eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.
15For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om.
16De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar!
17De skal ha vørdnad for alle, elska brorskapen, ottast Gud og æra keisaren.
18De tenestfolk skal underordna dykk herrane dykkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.
19Om nokon finn seg i ufortent liding fordi han kjenner seg bunden til Gud i samvitet, så har Gud hugnad i det.
20For kva er det å rosa seg av om de toler straff når de har gjort noko gale? Men om de tek det med tol når de gjer godt og endå må lida, då er det til hugnad for Gud.
21Det var dette de vart kalla til. For Kristus leid for dykk og gav dykk eit føredøme, så de skulle fylgja i hans fotefar.
22Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje svik i hans munn.
23Han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, han truga ikkje når han leid, men overlét si sak til han som dømer rettferdig.
24Han bar syndene våre på lekamen sin opp på krosstreet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom.
25De var som bortkomne sauer, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.