1Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med vanleg skrift: Brått hærfang, snøgt rov.»
2Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.
3Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Du skal kalla han Brått-hærfang, Snøgt-rov.
4For før guten kan seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og hærfanget frå Samaria berast fram for assyrarkongen.»
5Herren tala atter til meg og sa:
6Fordi dette folket vanvørder Siloa-vatnet, som renn så stilt, og misser motet ¬for Resin og Remalja-sonen,
7sjå, difor lèt Herren Storelva koma over dei ¬i store, stride straumar – assyrarkongen ¬og heile hans velde. Ho skal stiga ¬over alle sine bardar og fløyma ¬over alle sine bredder.
8Ho trengjer seg inn i Juda, kjem veltande og renn utover; ho når heilt opp til halsen ¬på folk. Med sine utbreidde venger ¬fyller ho ditt land, så vidt som det er, Immanuel!
9Lat hærropet lyda, de folk! Like fullt skal de skjelva ¬av redsle. Lyd etter, alle land langt borte! Bu dykk til strid, ¬de skal verta forfærde, ja, bu dykk, ¬de skal verta forfærde!
10Legg ein plan, ¬han skal verta til inkjes! Tal eit ord, det skal ikkje slå til! For Gud er med oss.
11Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket:
12Kall ikkje alt for samansverjing som dette folket ¬kallar samansverjing! De skal ikkje ottast ¬og ikkje skjelva for det som folket ottast.
13Herren, Allhærs Gud, han skal de halda heilag. Han skal de ottast og for han skal de skjelva.
14Han skal vera ein heilagdom, ein støytestein og eit berg ¬til fall for begge Israels rike, ei snare og ei felle for dei som bur i Jerusalem.
15Mange av dei skal snåva; dei skal falla og skamslå seg, gå i snara og verta fanga.
16Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine.
17Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han.
18Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet.
19Men om dei seier til dykk: «Vend dykk til gjengangarar ¬og spådomsånder, til dei som kviskrar og mumlar! Skal ikkje eit folk venda seg ¬til sine gudar og spørja dei døde til råds ¬for dei levande?»
20Til ordet og til vitnemålet! Er dei ikkje samde i dette, det folket som ikkje ser ¬ein ljosstråle,
21så skal dei fara gjennom landet, ¬forkomne og svoltne. Og når dei svelt, vert dei harme og forbannar sin konge ¬og sin Gud. Anten dei vender seg ¬mot det høge
22eller ser ut over jorda, er det naud og natt, ¬trengsle og mørker; ut i svarte natta er dei støytte.