Isaiah 9NO1978NN

1Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur.

2Det folket som ferdast ¬i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i ¬skuggelandet, skal ljoset stråla.

3Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg ¬i kornskurden, som ein jublar ¬når hærfang vert utskift.

4For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund ¬som på Midjans dag.

5Ja, kvar støvel ¬som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde ¬for elden.

6For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler ¬på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, ¬Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.

7Så skal herredømet ¬verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans. Han skal grunnfesta det ¬og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, ¬gjera dette.

8Eit ord har Herren sendt ¬mot Jakob, det har slege ned i Israel.

9Dei har fått merka det, ¬heile folket, dei som bur i Efraim ¬og Samaria. Men stolte og hovmodige ¬sa dei:

10«Teglsteinsmurar ¬har rasa saman, vi byggjer opp att ¬med tilhoggen stein. Morbærtre er felte, vi plantar sedertre i staden.»

11Då lét Herren Resin, deira fiende, ¬reisa seg mot dei, og han eggja ¬deira motstandarar.

12Aramearane kom frå aust ¬og filistarane frå vest og slukte Israel med vidope ¬gap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.

13Men folket vende ikkje om til han som slo det, dei søkte ikkje Herren, ¬Allhærs Gud.

14Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale, palmegrein og sev ¬på ein einaste dag.

15Dei eldste og stormennene ¬er hovudet, profetane som lærer lygn, ¬er halen.

16Dei som førte dette folket, ¬førte vilt, og dei som lét seg leia, fór vilt.

17Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deira og hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer; for alle var gudlause ¬og gjorde vondt, kvar einaste munn ¬tala dårskap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.

18Ja, gudløysa brenn som eld og øyder torn og tistel; ho set tjukke skogen i brann, og røyken stig høgt til vers.

19Landet er sett i brann fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm, og folket vert til føde ¬for elden. Det er ingen ¬som sparer sin bror.

20Dei bit til høgre ¬og er likevel svoltne, dei glefser til venstre ¬og vert ikkje mette. Kvar og ein et sin neste,

21Manasse et Efraim ¬og Efraim Manasse, og saman kastar dei seg ¬over Juda. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.