Isaiah 7NO1978NN

1På den tid då Akas, son til Jotam og soneson til Ussia, var konge i Juda, drog Resin, kongen i Aram, saman med Pekah Remaljason, kongen i Israel, opp til Jerusalem og ville ta byen. Men han greidde ikkje å koma til med noko åtak.

2Det vart meldt til Davids hus at aramearane hadde slege leir i Efraim. Då skalv hjarta åt kongen og folket, liksom trea i skogen skjelv i vinden.

3Men Herren sa til Jesaja: «Gå og møt Akas, du og Sjear-Jasjub, son din, ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til Bleikjevollen!

4Og sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet for desse to rykande vedskiene, for den brennande harmen åt Resin og Aram og Remalja-sonen!

5For aramearane har lagt vonde planar mot deg, saman med Efraim og Remalja-sonen. Dei seier:

6Lat oss fara opp mot Juda og setja støkk i folket, leggja landet under oss og gjera Tabe’el-sonen til konge der!»

7Men så seier Herren Gud: «Det skal ikkje vara ved, og så skal det ikkje vera

8at Damaskus er Arams hovud og Resin hovding i Damaskus – om sekstifem år ¬er det ute med Efraim, så det ikkje meir er eit folk,

9at Samaria er Efraims hovud og Remalja-sonen ¬hovding i Samaria. Vil de ikkje tru, ¬skal de ikkje trygt få bu.»

10Herren tala atter til Akas og sa:

11«Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!»

12Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.»

13Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg?

14Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.

15Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode.

16For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for.

17Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»

18Den dagen skal Herren plystra på flugene attmed elvosane ¬i Egypt og på biene i Assyria.

19Alle skal koma og slå seg ned i tronge dalar og fjellkløfter, i alle klungerrunnar og på alle brynnings-stader.

20Den dagen skal Herren ¬raka av håret med ein kniv han har leigt på hi sida av Storelva, med kongen i Assyria. Både ovantil og nedantil skal han raka av alt hår; jamvel skjegget ¬skal han skrapa bort.

21På den tid ¬skal ein mann kunna halda ei kvige og eit par sauer,

22og dei skal gje så mykje mjølk at han kan eta rjome. Ja, rjome og honning ¬skal dei eta, alle som er att i landet.

23På den tid skal det henda at kvar stad ¬der det no står tusen vintre, som er verde tusen sekel sølv, skal det berre veksa ¬torn og tistel.

24Med pil og boge ¬går ein dit, for landet er fullt ¬av torn og tistel.

25Til alle lier ¬der dei no brukar hakke, kjem du ikkje meir ¬av redsle for torn og tistel. Dei skal verta til hamnegang ¬for oksar og trakkast ned av sauer.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.