1I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet.
2Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei.
3Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag ¬er Herren Sebaot. All jorda er full ¬av hans herlegdom.»
4Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk.
5Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann ¬med ureine lipper, og eg bur mellom eit folk ¬med ureine lipper, og augo mine har sett Kongen, Herren, Allhærs Gud.»
6Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret.
7Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ¬ved lippene dine. Di skuld er borte, ¬di synd er sona.»
8Så høyrde eg Herrens røyst: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Då sa eg: «Sjå, her er eg, send meg!»
9Og han sa: «Gå og sei til dette folket: Høyr og høyr, men håtta ikkje! Sjå og sjå, men skjøna ikkje!
10Gjer hjarta hardt på ¬dette folket, gjer øyro tunghøyrde, ¬klin augo att, så det ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skjønar med hjarta og vender om og vert lækt!»
11Då spurde eg: «Kor lenge, Herre?» Han svara: «Til byane er aude ¬og folketome, til husa står utan folk, og landet ligg ¬som ei øydemark.»
12Langt bort ¬skal Herren senda folket, audt og tomt skal det verta ¬i landet.
13Og finst det enno att ¬ein tiandepart, skal den òg øydast ut, som når ei eik ¬eller terebinte vert felt, og berre ein stuv står att. Stuven skal vera ¬eit heilagt sæde.