Isaiah 63NO1978NN

1Kven er han ¬som kjem frå Edom, frå Bosra i blodraude klede, han som er så briken ¬i sin bunad, og skrid fram i si store kraft? «Det er eg, ¬eg som talar i rettferd, eg som har makt til å frelsa.»

2Kvifor er din bunad så raud, lik kleda åt ein ¬som trakkar druer?

3«Åleine trødde eg i vinpressa, ingen av folka var med meg. Eg trødde på dei i vreide og trakka dei ned i harme. Då skvatt deira blod ¬på kleda mine, heile min klednad vart tilsølt.

4For ein straffedag ¬hadde eg i tankar, mitt utløysingsår var kome.

5Eg såg meg om, ¬det var ingen som hjelpte, eg vart forfærd, ¬men fekk inga støtte. Då kom min arm meg til hjelp, min harme stødde meg.

6Eg trakka folkeslag ¬ned i min vreide og knuste dei i min harme; deira blod lét eg renna ¬til jorda.»

7Eg vil minnast ¬Herrens velgjerningar og lova han for hans storverk, for alt det Herren har gjort ¬mot oss, for alt det gode som han i sin nåde og i si store miskunn har gjort mot Israels ætt.

8Han har sagt: «Ja, dei er mitt folk, søner som aldri svik.» Og han vart ein frelsar for dei.

9I all deira trengsle var det inga trengsle. Hans eigen engel frelste dei. I sin kjærleik og i si ¬medkjensle løyste han dei ut. Han tok dei opp og bar dei alle dagar frå gamal tid.

10Men dei var trassige og gjorde hans ¬Heilage Ande sorg. Så snudde han om ¬og vart deira fiende, han stridde sjølv imot dei.

11Då tenkte dei på gamle dagar, på Moses, som var hans tenar: Kvar er han ¬som tok opp or vatnet han som vart hyrding ¬over hans hjord? Kvar er han som gav han sin Heilage Ande i hjarta?

12Han lét sin herlege arm fara fram på høgre sida ¬av Moses; han kløyvde vatnet ¬framfor folket og skapte seg eit evig namn.

13Han lét dei gå gjennom djupet som hesten på steppa – dei snåva ikkje.

14Som når ein buskap ¬går ned i dalen, førte Herrens Ande dei til ro. Ja, såleis førte du ditt folk og skapte deg eit herleg namn.

15Sjå ned frå himmelen, ja, sjå frå din heilage, ¬herlege bustad! Kvar er din brennhug ¬og di kraft? Di djupe medkjensle ¬og di miskunn held du att frå meg.

16Og du er då vår far! Abraham veit ikkje om oss, og Israel kjenner oss ikkje. Men du, Herre, er vår far, frå gamal tid ¬er ditt namn vår utløysar.

17Kvifor fører du oss bort, ¬Herre, frå dine vegar? Kvifor gjer du hjarta vårt hardt, så vi ikkje ottast deg? Snu om for dine tenarar skuld, dei ætter som er din eigedom!

18Eit lite bel ¬fekk folket eiga ditt tempel, så trakka våre fiendar ¬ned din eigedom.

19Det har vorte med oss som om du aldri ¬hadde rådt over oss, som om ditt namn ¬ikkje var nemnt over oss.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 63.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.