1Gjev du kløyvde himmelen og steig ned, så fjella skalv for deg, som når elden fatar i risved og får vatnet til å koka. Då skulle dine fiendar ¬få kjenna ditt namn og folkeslag skjelva ¬for ditt åsyn,
2når du gjorde under ¬som ingen venta, og steig ned ¬så fjella skalv for deg.
3Aldri har nokon høyrt ¬eller spurt, aldri har auga sett nokon annan gud enn deg som kan gjera slikt for dei som ventar på han.
4Du møter dei ¬som med glede gjer rett, og tenkjer på ¬korleis du går fram. Men du vart harm, og vi synda. Så har det alltid vore – kan vi då verta frelste?
5Alle vart vi som ureine, som skite ty vart all ¬vår rettferd. Vi vart alle som vise lauv, våre misgjerningar bles ¬oss bort som vinden.
6Det finst ingen ¬som kallar på ditt namn, ingen som tek seg saman og held fast på deg. For du har løynt ditt åsyn ¬for oss og gjeve oss våre synder i vald.
7Men du, Herre, er då vår far! Vi er leira, og du har skapt oss, alle er vi eit verk av di hand.
8Herre, ¬lat ikkje harmen din loga, kom ikkje evig i hug vår skuld! Sjå ned til oss, vi er då alle ditt folk!
9Aude ligg dine heilage byar, Sion er ei øydemark og Jerusalem ei audn.
10Vårt heilage, herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har vorte eit rov for elden. Alt det vi var glade i, ligg i røys.
11Kan du roleg sjå på dette, ¬Herre, teia og audmykja oss så djupt?