Isaiah 52NO1978NN

1Vakna, vakna, kled deg i styrke, Sion! Ta på deg ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir ¬skal det koma inn i deg ein uomskoren eller urein.

2Rist av deg støvet og reis deg, set deg på trona, Jerusalem! Løys lekkjene du har ¬om halsen, du hærtekne Sion-dotter!

3Så seier Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar ¬skal de løysast ut.

4For så seier Herren din Gud: I si fyrste tid ¬drog folket mitt til Egypt og heldt til der. Sidan vart dei utan grunn ¬trælka av Assur.

5Og no, lyder ordet frå Herren, kva skal eg gjera her når folket mitt er bortført ¬utan vederlag? Valdsherrane hyler, ¬seier Herren, og dagen lang ¬vert namnet mitt spotta.

6Difor skal folket mitt læra mitt namn å kjenna, ja, den dagen skal dei skjøna at det er eg som seier: ¬«Her er eg!»

7Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred ¬og ber god bodskap, forkynner frelse ¬og seier til Sion: «Din Gud er konge!»

8Høyr, dine vaktmenn ropar, dei jublar alle i hop. For med eigne augo ser dei at Herren kjem heim att ¬til Sion.

9Set i med jubelrop, de aude tufter i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk og løyser ut Jerusalem.

10Herren syner sin heilage arm for augo på alle folkeslag. Heile den vide jord får sjå frelsa frå vår Gud.

11Far bort, far bort frå Babylon! Ikkje rør noko ureint! Dra ut or byen og reinsa dykk, de som ber Herrens kar!

12For de treng ikkje ¬skunda dykk, de må ikkje røma frå byen. For Herren sjølv går føre dykk, og sist i flokken er Israels Gud.

13Sjå, min tenar skal ha ¬framgang, han skal stiga ¬og lyftast og opphøgjast.

14Liksom mange stokk til ¬då dei såg han – meir skamfaren var han ¬enn nokon mann, han såg ikkje ut ¬som eit menneske,

15så skal mange folkeslag ¬undrast over han, og kongar skal lata att ¬sin munn. For dei får sjå ¬det som aldri vart sagt dei, uhøyrde ting vert dei vitne til.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 52.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.