1Kven trudde det bodet vi høyrde, og kven fekk sjå Herrens makt?
2Han rann som ein kvist ¬for Guds åsyn, som ein renning or turr jord. Nokon herleg skapnad ¬hadde han ikkje, det var ingen hugnad å sjå han.
3Vanvørd var han, ¬folk heldt seg unna, ein mann i pinsler, ¬velkjend med sjukdom, ein svivørd mann ¬som ingen ville sjå på; vi rekna han for inkje.
4Sanneleg, våre sjukdomar ¬tok han på seg, og våre pinsler bar han. Vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og ille plaga.
5Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, ¬så vi skulle ha fred, og ved hans sår ¬har vi fått lækjedom.
6Vi fór alle vilt som sauer, vi vende oss kvar til sin veg. Men Herren lét råka han det vi alle var skuld i.
7Ille medfaren vart han, men bar det audmjukt; han lét ikkje opp sin munn, som lammet dei fører ¬til slakting, og sauen som teier ¬når han vert klypt; han lét ikkje opp sin munn.
8Gjennom trengsle og dom ¬vart han teken bort. Men kven i hans samtid ¬vørde vel det? Bortriven vart han ¬or levandelandet, for sitt folks brot laut han døy.
9Dei gav han ei grav ¬mellom gudlause, hjå ein rikmann, ¬då han var død, endå han ikkje ¬hadde gjort nokon urett, og det ikkje fanst svik ¬i hans munn.
10Det var Herrens vilje å knusa han med sjukdom. Men fordi han gav sitt liv ¬til soning, skal han få etterkomarar ¬og leva lenge, og ved han skal Herrens vilje ¬ha framgang.
11Etter all si møde og sjelenaud skal han sjå ljos og mettast. Og når dei kjenner han, skal han, min rettferdige tenar, gjera dei mange rettferdige; for han har bore deira synder.
12Difor gjev eg han ¬dei mange til del, og dei sterke skal han få ¬til hærfang, fordi han gav sitt liv i døden og vart rekna ¬mellom brotsmenn. Han tok på seg synda ¬åt dei mange og bad for brotsmenn.