Isaiah 51NO1978NN

1Høyr på meg, de som jagar ¬etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på det fjellet ¬de er hogne utor, det steinbrotet de er tekne frå!

2Sjå på Abraham, far dykkar, og på Sara, som fødde dykk! Han var berre éin ¬då eg kalla han, men eg velsigna han og gav han ei talrik ætt.

3Ja, Herren skal trøysta Sion, trøysta alle hennar aude tufter. Han gjer hennar øydemark ¬lik Eden, hennar aude hei ¬lik Herrens hage. Der skal fryd og glede råda, der skal takkesong ¬og jubeltonar lyda.

4Høyr på meg, mitt folk, vend øyra til, mi folkeætt! For lov går ut frå meg, eg set min rett til ljos for folka.

5Mi rettferd er nær, mi frelse er i kjømda, mine armar skal hjelpa folka ¬til deira rett. Øyar og strender ventar ¬på meg, dei biar på min sterke arm.

6Lyft augo mot himmelen, og sjå på jorda her nede! For himmelen ¬skal kverva som røyk, jorda skal slitast ut ¬som ein kledning, og dei som bur der, ¬skal døy som mygg. Men mi frelse skal vara evig, mi rettferd skal aldri få ende.

7Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk som har mi lov i hjarta! Ottast ikkje ¬når menneske spottar, reddast ikkje når dei hånar!

8For dei skal verta ¬som mòletne klede, lik ullty som åt har øydt. Men mi rettferd skal vara evig, mi frelse frå ætt til ætt.

9Vakna, vakna, du Herrens arm, og kled deg i styrke! Vakna som i gamle dagar, som i framfarne tider! Var det ikkje du ¬som felte Rahab og gjennombora draken?

10Var det ikkje du ¬som turrla sjøen, som turka ut vatnet ¬i det store djup og gjorde havbotnen til veg, så det frelste folket ¬kunne fara der?

11Herrens utløyste ¬skal venda heim att. Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop, med evig glede om si panne. Fryd og glede skal møta dei, sorg og sukk må røma.

12Eg er den som trøystar dykk. Kven er då du som reddast menneske ¬som må døy, menneskeborn som visnar ¬liksom graset?

13Kvifor gløymer du Herren, ¬din skapar, han som spente ut himmelen og grunnfeste jorda? Kvifor skjelv du støtt, ¬heile dagen, for valdsmanns heite harme når han siktar på å tyna deg? Kvar vert det vel ¬av hans harme?

14Snart skal den bundne ¬sleppa fri; han skal ikkje døy og gå i grav, og ikkje skal han vanta brød.

15Eg er Herren din Gud, som rører opp havet, ¬så bårene brusar. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

16Eg har lagt mine ord ¬i din munn og gøymt deg i skuggen ¬av mi hand. Eg som spente ut himmelen og grunnfeste jorda, seier til Sion: «Du er mitt folk.»

17Vakna, vakna og reis deg, Jerusalem, du som laut drikka det vreidestaupet som du fekk av Herrens hand, og tøma til botnar den skåla som gjorde deg ør!

18Det var ingen som ¬leidde henne, av alle dei søner ho fekk, ingen tok henne i handa, av alle dei born ho fostra.

19Ulukker råka deg, to og to – kven viste medkjensle ¬med deg? – vald og våde, svolt og sverd – kven trøysta deg?

20Maktlause låg dine søner på alle gatehjørne, som ein antilope i garnet, metta av Herrens ¬brennande vreide, av trugsmålet frå din Gud.

21Så høyr då dette, du arming, du som er drukken, ¬om ikkje av vin!

22Så seier Herren, ¬din Herre og Gud, som strider for sitt folk: Sjå, no tek eg ut or di hand den skåla som gjorde deg ør; aldri meir skal du tøma ¬mitt vreidestaup.

23Eg retter det til dei ¬som plaga deg, til dei som sa: «Legg deg ned, så vi kan få trø på deg!» Og du laut gjera din rygg ¬lik flate marka, lik ein veg for ferdafolk.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 51.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.