Isaiah 47NO1978NN

1Stig ned og set deg ¬i molda, Babels dotter, du unge møy! Set deg på jorda, ¬utan kongsstol, du kaldeardotter! For du skal ikkje lenger kallast den fine og bortskjemde møy.

2Ta kverna fram og mal! Legg sløret bort, ¬lyft slepet opp, så foten vert berr, og du kan vassa over elvar.

3Dei skal kle av deg og sjå deg naken. Eg tek hemn og sparer ingen,

4seier vår utløysar. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Israels Heilage er han.

5Set deg stilt, og gå inn i mørkret, du kaldeardotter! For du skal ikkje lenger kallast dronning over kongerike.

6Eg var harm på mitt folk og førte vanære ¬over mitt arveland. Eg gav dei i dine hender, og du hadde ikkje medkjensle ¬med dei. Jamvel på gamle folk la du ditt tunge åk.

7Du sa: «Eg skal for alltid ¬vera dronning!» Du la deg ikkje dette på hjarta og tenkte ikkje på endelykta.

8Så høyr då dette, du nytesjuke, som sit så trygg og tenkjer med deg sjølv: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkje og aldri leva barnlaus.»

9Men begge desse ulukkene skal koma over deg, brått, på ein einaste dag. Barnløyse og enkjestand kjem på deg i fullaste mål trass i all di svartekunst og dine sterke trolldomsord.

10Du kjende deg trygg ¬i din vondskap og sa: «Det er ingen som ser meg.» Din visdom og kunnskap ¬førte deg vilt, så du tenkte med deg: «Eg og ingen annan!»

11Så skal du då råkast ¬av noko vondt som du ikkje kan mana bort. Ei ulukke skal henda deg, og den kan du ikkje hindra ¬med soning. Brått kjem det over deg, eit stormver du ikkje venta.

12Kom no med dine ¬trolldomsord og all di svartekunst, som du har drive med ¬frå din ungdom! Kanskje kunne du finna hjelp, kanskje skræma ulukka bort!

13Du har streva ¬med mange planar. Lat dei stiga fram og ¬hjelpa deg, dei som granskar himmelen og kikkar på stjernene, dei som månad etter månad varslar det som skal henda deg.

14Men sjå, dei vert som halm; elden brenner dei opp. Dei kan ikkje berga livet frå den sterke logen. Det er ikkje glør ¬til å verma seg med, ikkje bål til å sitja framfor.

15Så går det dine trollmenn, som du har trøytta deg ut med frå du var ung. Dei vinglar kvar sin veg; det finst ingen som ¬hjelper deg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 47.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.