Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 46

:
Norwegian - NO1978NN
1 Bel sig saman, ¬og Nebo fell. Deira bilete vert lagde ¬på lastdyr og fe. Dei som før vart borne ¬av dykk, ligg no som ei bør ¬på trøytte dyr.
2 Dei sig og stuper, alle saman, dei kan ikkje berga ¬dei som ber dei, men sjølve fara or landet.
3 Høyr meg, du Jakobs ætt, alle som er att av Israels hus, de som er borne frå mors liv og lyfte hender ¬frå mors fang:
4 Alt til dykkar alderdom ¬er eg den same, til de grånar i håret, ¬skal eg bera dykk. Det har eg gjort, ¬og det skal eg gjera, ja, eg skal bera og berga dykk.
5 Kven vil de setja opp mot meg og likna meg med? Kven vil de halda ¬for jamliken min?
6 Somme auser ut gull or pungen og veg opp sølv vekt. Dei leiger ein gullsmed ¬som lagar ein gud; bøyer dei seg ned ¬og tilbed han.
7 Dei tek han aksla, ¬ber han bort og set han plass. står han der og rører seg ikkje av flekken. Ropar dei til han, ¬svarar han ikkje, han bergar dei ikkje or naud.
8 Tenk dette og ver faste, ta det til hjarta, de svikarar!
9 Tenk det som hende før, heilt ifrå eldgamal tid! For eg er Gud, og ingen annan, eg er Gud, ¬og det finst ingen som eg.
10 Eg kunngjer frå opphavet ¬dei siste ting, varslar føreåt ¬det som skal henda. Eg seier: «Den plan eg har lagt, ¬står fast, og alt eg vil, det gjer eg.»
11 Eg kallar hit ein rovfugl ¬frå aust; frå eit land langt borte ¬kallar eg han, den mannen ¬som set min plan i verk. Eg har tala og lèt det koma, eg har tenkt det ¬og lèt det henda.
12 Høyr meg, ¬de stridlyndte menn, de som er langt frå rettferd.
13 Eg fører hit mi rettferd, ho er ikkje langt borte, mi frelse dryer ikkje. gjev eg frelse Sion og lèt Israel ¬få sjå min herlegdom.