Isaiah 45NO1978NN

1Så seier Herren til den han har salva, til Kyros, som eg held ¬i hans høgre hand for å tvinga folkeslag ¬under han, løysa beltet av kongar og opna dører for han, så ingen port skal vera stengd.

2Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund.

3Eg vil gje deg skattar, ¬dulde i mørkret, og rikdomar, ¬gøymde på løynlege stader, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, ¬som har kalla deg på namn.

4For min tenar Jakobs skuld, for Israel, min utvalde, har eg kalla deg ¬og gjeve deg eit ærenamn, endå du ikkje kjende meg.

5Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg spente beltet om livet ¬på deg, endå du ikkje kjende meg,

6så dei skal vita ¬både i aust og vest at det finst ingen annan ¬enn eg. Eg er Herren, og ingen annan.

7Eg skaper ljoset, og eg lagar mørkret; eg skaper lukke og ulukke. Det er eg, Herren, ¬som gjer alt dette.

8Lat det drypa ovanfrå, ¬du himmel, lat rettferd strøyma, de skyer! Jorda skal opna seg for det, og den frukt ho ber, er frelse, det ho lèt gro, er rettferd. Eg, Herren, skaper dette.

9Ve den som trettar ¬med sin skapar – eit krusbrot ¬mellom krusbrot av jord! Kan leiret seia til han ¬som formar det: «Kva er det du gjer?» Kan verket seia: «Han har ikkje handlag»?

10Ve den som seier til ein far: «Kva er det du avlar?» og til ei kvinne: «Kva er det du føder?»

11Så seier Herren, Israels ¬Heilage, han som skaper dei ting ¬som kjem: Kvi spør de meg ¬om mine søner, kvi seier de meg ¬kva eg skal gjera?

12Det var eg som laga jorda og skapte menneske der. Eg spente ut himmelen ¬med mine hender, og heile hans hær baud eg ut.

13I rettferd har eg vekt ein mann og jamna alle hans vegar. Han skal byggja min by og senda heim ¬mitt bortførte folk utan vederlag, utan betaling, seier Herren, Allhærs Gud.

14Så seier Herren: Du skal få all den rikdom som egyptarane har samla ¬med sitt strev og nubiarane med sin handel. Og røslege karar frå Seba skal koma og høyra deg til. Deg skal dei fylgja, og i lekkjer skal dei gå. For deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei fagnande seia: «Berre hjå deg er Gud; og det finst ingen annan, ingen annan Gud.»

15Sanneleg, du er ein Gud ¬som løyner seg, du Israels Gud og frelsar.

16Til spott og skam skal dei verta, alle som lagar gudebilete; med vanære skal dei gå bort.

17Men Israel finn frelse ¬hjå Herren; ei evig frelse skal det vera. De skal aldri verta ¬til spott og skam.

18Ja, så seier Herren, som skapte himmelen, han, den einaste Gud, som laga og forma jorda og gjorde hennar ¬grunnvollar faste, som ikkje skapte henne ¬til ei audn, men laga henne til bustad ¬for folk: Eg er Herren, og ingen annan.

19Eg har ikkje tala i det dulde, ein stad i det mørke land. Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt: «Søk meg i det aude og tome!» Eg, Herren, talar sanning og forkynner det som er rett.

20Samla dykk og kom, stig fram i lag, de som har sloppe ¬unna folkeslaga! Dei skjønar ingenting, dei som ber sine gudebilete ¬av tre og bed til ein gud ¬som ikkje kan frelsa.

21Ta til ords, ¬legg fram dykkar sak, ja, berre rådlegg saman! Kven har kunngjort ¬dette føreåt og forkynt det for lenge sidan? Er det ikkje eg, Herren? Utan meg er det ingen Gud; det finst ingen annan ¬rettferdig og frelsande Gud.

22Vend deg til meg og få frelse, heile du vide jord! For eg er Gud, og ingen annan.

23Ved meg sjølv har eg svore, eit sanningsord har gått ut ¬or min munn, eit ord som eg ikkje tek att: For meg skal kvart kne ¬bøya seg, kvar tunge ¬skal sverja meg truskap.

24Om meg skal dei seia: «Berre hjå Herren ¬er frelse og styrke.» Til han ¬skal dei skamfulle koma, alle som harmast på han.

25Ved Herren ¬skal dei vinna rettferd, og av han skal dei rosa seg, alle som er av Israels ætt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 45.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.