Isaiah 48NO1978NN

1Høyr dette, ¬du Jakobs ætt, de som ber Israels-namnet og har runne or Judas kjelde, de som sver ved Herrens namn og prisar Israels Gud, men ikkje i sanning ¬og rettferd!

2Dei kallar seg ¬etter den heilage byen og stør seg til Israels Gud. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

3Det som har hendt, ¬har eg kunngjort føreåt, or min munn gjekk det ut, ¬eg forkynte det; brått greip eg inn, ¬og det skjedde.

4Eg visste at du er strid, at nakken din er ei jernsen og panna di som bronse.

5Så kunngjorde eg det føreåt, lét deg vita det før det hende, så du ikkje skulle seia: «Dette har mitt ¬gudebilete gjort, min gud av tre og metall ¬har laga det så.»

6Du har høyrt og sett det alt. Må de ikkje sanna det? Men no forkynner eg ¬noko nytt, dulde ting som du ikkje ¬veit om.

7No vert det skapt og ikkje før, du har ikkje høyrt om det ¬før i dag, så du ikkje skulle seia: «Det visste eg!»

8Du har korkje høyrt ¬eller visst det, eller før fått øyra opp for det. Eg visste då vel ¬kor trulaus du er, frå mors liv ¬har du heitt ein svikar.

9For mitt namn skuld ¬døyver eg min harme, for mi ære skuld tøymer ¬eg meg og rydjar deg ikkje ut.

10Eg har reinsa deg, ¬men ikkje som sølv, eg har prøvt deg ¬i lidingsomnen.

11For mi eiga skuld ¬grip eg no inn. Kor ville eg elles verta vanæra! Mi ære gjev eg ingen annan.

12Høyr på meg, Jakob, du Israel, som eg har kalla! Eg er den same, eg er den fyrste, og eg er den siste òg.

13Ja, mi hand har ¬grunnfest jorda, mi høgre hand ¬breidde himmelen ut. Eg kalla dei fram, og dei stod der begge.

14Kom saman, alle, og høyr! Kven av dykk ¬har kunngjort dette? Han som Herren elskar, skal fullføra hans vilje ¬mot Babel og syna hans makt ¬mot kaldearfolket.

15Eg har tala, og eg har kalla han, eg har sendt han ¬og lèt ferda hans lukkast.

16Kom hit til meg og høyr dette: Frå fyrste stund tala eg ope, og så snart det hende, ¬var eg der. «No har Herren vår Gud sendt meg og sin Ande.»

17Så seier Herren, din utløysar, Israels Heilage: Eg er Herren din Gud, som lærer deg det som gagnar, og fører deg ¬den vegen du skal gå.

18Å, ville du lyda på mine bod! Då vart din fred som elva, di rettferd ¬som havsens bylgjer.

19Då vart di ætt så tallaus ¬som sanden, dine etterkomarar ¬som sandkorna; deira namn vart aldri stroke og ikkje sletta hjå meg.

20Dra ut or Babylon, ¬bort frå Kaldea! Forkynn det med jubel, ¬rop det ut, lat det nå til heimsens ende: Herren har løyst ut Jakob, ¬sin tenar.

21Dei tyrstar ikkje når han fører dei i øydemarka, vatn or berget ¬lèt han sildra åt dei; han kløyver fjell, ¬og vatnet renn.

22Dei gudlause har ingen fred, ¬seier Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 48.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.