Isaiah 34NO1978NN

1Kom hit og høyr, ¬de folkeslag, lyd etter, de folkeætter! Jorda og alt som fyller henne, ¬skal høyra, jordheimen og alt som ¬lever der.

2For Herren er harm på alle folk, han er vreid på heile deira hær. Han har bannstøytt dei og gjeve dei til slakting.

3Dei drepne vert slengde ¬til sides; teven stig frå lika, og blodet renn på fjella.

4Heile himmelhæren ¬går i oppløysing, himmelen vert ihoprulla ¬som ein bokrull. Heile hans hær skal visna som lauvet på vintreet visnar, og frukta på fikentreet ¬turkar inn.

5Når sverdet mitt har sløkt sin torste på himmelen, då fer det ned over Edom, det folk eg har bannlyst ¬og dømt.

6Herrens sverd er fullt av blod, det er metta med feitt, med blod av lam og bukkar, med nyrefeitt av verar. For Herren held offerslakting ¬i Bosra, ei stor nedslakting i Edom.

7Saman med folket ¬skal villoksar falla, unge stutar og sterke oksar. Landet skal drikka seg ¬utyrst av blod og jorda gjødslast med feitt.

8For det er ein hemnardag ¬for Herren, eit attergjeldsår ¬i striden for Sion.

9Bekkene i Edom ¬skal verta til bek og molda til svovel; ja, landet skal verta ¬til brennande bek.

10Korkje dag eller natt ¬skal det slokna, evig skal røyken stiga frå det. Frå ætt til ætt ¬skal landet liggja audt, aldri skal nokon ¬fara igjennom det.

11Pelikan og hegre ¬skal ta det i eige, ugle og ramn skal bu i det. Herren strekkjer mælesnor ¬og lodd ut over landet, og det vert audt og snautt.

12Det finst ikkje stormenn der, og ingen ¬som kan ropast ut til konge; det er ute med alle hovdingar.

13I slotta veks klunger, i borgene nesle og tistel. Landet vert ein heim ¬for sjakalar, ein tilhaldsstad for strutsar.

14Ville hundar ¬og ørkendyr møtest, raggetroll ropar til kvarandre. Der slår Lilit seg òg til ro og finn seg ein kvilestad.

15Der byggjer pilormen bol ¬og legg egg, han rugar og klekkjer dei ut ¬i skuggen. Der samlast gribbane ¬med kvarandre.

16Sjå etter i Herrens bok og les! Ikkje eitt av desse dyra ¬skal vanta, ingen av dei ¬skal sakna dei andre. For påbodet kjem ¬frå Herrens munn, det er hans Ande ¬som samlar dei.

17Sjølv har han kasta lodd ¬for dei; med mælesnor i si hand skifter han ut landet. Dei skal ta det i eige ¬for alle tider og bu der frå ætt til ætt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 34.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.