Isaiah 35NO1978NN

1Øydemark og turrlende ¬skal gleda seg, den aude hei ¬skal jubla og bløma.

2Ho skal bløma som lilja og jubla, ja ropa av fryd. Libanons herlegdom ¬får ho i gåve, Karmels og Sarons prydnad. Herrens herlegdom ¬skal folket få sjå, stråleglansen frå vår Gud.

3Styrk dei kraftlause hender, gjer dei skjelvande kne sterke!

4Sei til dei urolege hjarto: Ver frimodige, ver ikkje redde! Sjå, der er dykkar Gud! Han kjem med straff. Gud vil gjera attergjeld. Sjølv kjem han og frelser dykk.

5Då skal blinde augo opnast og dauve øyro latast opp.

6Då skal den lame ¬springa som ein hjort og tunga åt den mållause jubla. For kjelder bryt fram ¬i øydemarka og bekker på dei turre vidder.

7Den gloande sand ¬vert til sevkransa sjø, det tyrste land ¬til vassrike kjelder. Sjakalars mark ¬vert ein kvilestad, der graset gror ¬mellom røyr og sev.

8Og der skal det ¬vera ein kongsveg, Den heilage vegen ¬skal han kallast. På den skal ingen urein ¬ferdast, det skal vera ein pilegrimsveg ¬for Guds folk; ikkje eingong dårar ¬skal fara vilt.

9Der skal inga løve ferdast og inkje rovdyr setja sin fot; dei skal ikkje finnast meir. Men dei utløyste ¬skal ferdast der.

10Herrens utløyste ¬skal venda heim att. Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop, med evig glede om si panne. Fryd og glede skal møta dei, sorg og sukk må røma.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.