Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 33

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ve deg som herjar, men ikkje sjølv er herja, du ransmann ¬som ingen har rana! Når du er ferdig med å herja, skal du herjast sjølv; når du sluttar å rana, skal dei rana deg.
2 Ver oss nådig, Herre, ¬vi ventar deg! Ver du vår styrke kvar morgon, vår frelse når vi er i naud.
3 For di veldige røyst ¬rømer folka; når du reiser deg, ¬vert folkeslag spreidde.
4 Folk riv til seg hærfang som når grashopper snøyer, som grashoppesvermar kastar dei seg over det.
5 Opphøgd er Herren, ¬han bur i det høge; han fyller Sion ¬med rett og rettferd.
6 Trygge tider skal du sjå, ein rikdom av frelse, ¬visdom og kunnskap. skal age for Herren ¬vera Sions skatt.
7 Høyr, Ariels menn, ¬kor det skrik der ute! Sårt græt dei sendemenn ¬som tinga om fred.
8 Vegane ligg aude, ingen ferdast stigane meir. Pakta vert broten ¬og vitne vanvørde; ingen bryr seg om menneske.
9 Landet sturer og visnar, Libanon sjuknar bort av skam, Saron er som den aude mark, Basan og Karmel misser lauvet.
10 No vil eg reisa meg, ¬seier Herren, no vil eg stå opp og stiga fram.
11 De er svangre med høy ¬og føder halm, min pust skal øyda dykk ¬som eld.
12 Folkeslag skal brennast til kalk, dei skal brennast ¬som avhoggen klunger.
13 Høyr kva eg vil gjera, de som er langt unna, og kjenn min styrke, de som er nær!
14 Syndarar skjelv ¬av redsle Sion, angst har gripe dei gudlause: «Kven kan bu ¬ved ein øydande eld? Kven kan bu ved evige logar?»
15 «Den som ferdast i rettferd og talar det som er rett, som seier nei til vinning ¬vunnen med vald, som veiftar med handa og viser at han ikkje tek muter, stappar øyro til ¬for all tale om bloddåd, og lèt augo att ¬for det som er vondt,
16 han får bu høge stader, bratte fjell er hans vern; han får sitt brød ¬og vantar ikkje vatn.»
17 Med eigne augo skal du skoda Kongen i hans herlegdom, og du får sjå eit vidsveimt land.
18 Du skal tenkja redsla ¬som rådde: Kvar er han som skreiv og vog, kvar er han som talde tårna?
19 Du ser ikkje lenger ¬det frekke folket, folket med ¬det vanskelege språket som ingen skjønar, med stammande tunge ¬som ingen kan tyda.
20 Sjå Sion, byen der vi held våre høgtider! Augo dine skal skoda Jerusalem, den trygge stad, teltet som ikkje skal flyttast, med pluggar ¬som ikkje skal rivast, og snorer som aldri slitnar.
21 For der er Herren, ¬den veldige, med oss. Der skal breie elvar strøyma; men dei skal båtar ikkje og stolte skuter ikkje fara.
22 For Herren er vår domar, han er vår hovding, Herren er vår konge, han frelser oss.
23 Slakt heng tauverket ¬på dine skip, det held ikkje masta plass og held ikkje seglet utspent. kan folk skifta hærfang ¬i mengd, jamvel lame ranar og plyndrar.
24 Ingen borgar skal seia: ¬«Eg er sjuk.» Dei som bur der, har fått sine synder tilgjevne.