Isaiah 32NO1978NN

1Når kongen råder ¬med rettferd, og stormenn styrer med rett,

2då vert kvar av dei ¬som ei livd mot vinden og som eit skjol mot styrtregn, som rennande bekker ¬i turt land, som skuggen av eit mektig fjell på jord som tyrstar etter vatn.

3Dei som har augo å sjå med, skal ikkje vera blinde, og dei som har øyro ¬å høyra med, skal lyda etter.

4Dei som ikkje tenkjer seg om, skal læra å skjøna; dei stamme skal tala ¬lett og klårt.

5Dåren skal ikkje lenger ¬kallast gjæv og skarven ikkje ein ¬adelsmann.

6For ein dåre talar dårskap, i sitt hjarta ¬legg han vonde planar: Han vil gjera gudlaus gjerning, tala vilt og vrangt mot Herren, la den sveltande sakna mat og den tyrstande vanta drikke.

7Skarvens våpen er vonde, han legg skamlege planar. Han vil skada dei hjelpelause ¬med lygn, og dei fattige ¬om dei hevdar sin rett.

8Men gjæv mann ¬legg gjæve planar, han står fast ¬på det som er gjævt.

9De sorglause kvinner, ¬stå opp, høyr mi røyst! De trygge døtrer, ¬vend øyra til min tale!

10År etter år skal de skjelva, ¬de trygge; for vinhausten slår feil, og det kjem ingen frukthaust.

11Skjelv, de sorglause kvinner, ja, skjelv av redsle, de trygge! Kled dykk nakne, bind syrgjeplagg om hoftene!

12Slå dykk for bringa, ¬lat klagerop lyda over fagre marker ¬og gode vintre,

13over åkrane åt folket mitt, der torn og tistel skyt opp, ja, over kvar lukkeleg heim i den jublande byen!

14For slottet ligg tomt, og den ståkande hopen ¬er borte frå byen. Haugen og vakttårnet ¬har for alltid vorte til opne marker, der villesel gler seg og buskapar beiter.

15Så skal det vera til ånd frå det høge ¬vert utrend over oss. Då skal øydemarka ¬verta frukthage, og frukthagen ¬skal reknast for skog.

16Rett skal bu i øydemarka og rettferd ¬i det grøderike landet.

17Rettferda skal koma med fred, og rettferds frukt ¬er evig ro og tryggleik.

18Mitt folk skal bu ¬i eit fredeleg land, i trygge heimar, ¬der dei sorglaust kan kvila.

19Skogen skal fellast og falla, byen skal siga i røys.

20Sæle er de ¬som sår attmed alle bekker, som lèt okse og esel ¬gå fritt ikring!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 32.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.