Isaiah 31NO1978NN

1Ve dei som fer ned ¬til Egypt etter hjelp og set si lit til hestar, som stolar på vogner ¬fordi dei er mange, og på hestfolk ¬fordi dei er sterke, men ikkje vender seg ¬til Israels Heilage og ikkje søkjer råd hjå Herren.

2Men han òg er vis ¬og lèt ulukka koma, sine ord tek han ikkje att. Han reiser seg mot flokken ¬av dei som gjer vondt, mot ugjerningsmenn ¬som kjem med hjelp.

3Egyptarane er menneske ¬og ikkje Gud, deira hestar er kjøt og ¬ikkje ånd. Når Herren retter ut si hand, skal hjelparen snåva, og den som har fått hjelp, falla; og alle skal dei gå til grunne.

4For så har Herren sagt til meg: Liksom løva, den unge løva, knurrar over sitt rov og ikkje vert skræmd ¬av gjætarars rop eller dukkar seg ned ¬når dei bråkar, om heile flokken samlar seg ¬mot henne, såleis skal Herren, ¬Allhærs Gud, stiga ned og strida på Sions fjell og haug.

5Liksom fuglane ¬breier ut sine venger, skal Herren, Allhærs Gud, verna om Jerusalem. Han skal verna og berga, skåna og fria ut.

6Vend om, de Israels søner, til han de fall så djupt ifrå!

7Den dagen skal de alle ¬kasta frå dykk avgudane av sølv og gull, som de sjølve har laga ¬– til synd.

8Assur skal falla for eit sverd som ikkje vert svinga ¬av menneske; det sverdet ¬som gjer ende på han, er det ikkje ein mann ¬som lyfter. Han skal røma for sverdet, og hans unge stridsmenn skal setjast til tvangsarbeid.

9Hans berg skal dra bort ¬i redsle, hans hovdingar røma frå fana. Så lyder ordet frå Herren, som har ein eld i Sion, ein omn i Jerusalem.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.