1Sjå, Herren, Allhærs Gud, tek bort frå Jerusalem ¬og Juda kvar stav dei stør seg til: kvar støtte av brød ¬og kvar støtte av vatn,
2både krigar og stridsmann, domar, profet, ¬spåmann og eldste,
3femtimannsførar ¬og høgvørd mann, rådgjevar, trollmann ¬og kunnig åndemanar.
4Så gjev eg dei born ¬til styresmenn, villstyringar skal rå over dei.
5Folk skal vera harde ¬med kvarandre, mann med mann ¬og granne med granne; guten skal setja seg opp ¬mot den gamle, fanten mot fagnamannen.
6Når ein mann tek fatt ¬i ein annan i huset åt far hans og seier: «Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding, over denne ruinen ¬skal du styra,»
7så tek den andre til ords ¬og svarar: «Eg vil ikkje fetla sår. I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede. Set ikkje meg til hovding ¬over folket!»
8Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell, for i ord og gjerning ¬står dei Herren imot og trassar hans herlege åsyn.
9Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei, og liksom folket i Sodoma talar dei utan dulsmål ¬om si synd. Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg.
10Sei at det går den ¬rettferdige vel, han skal nyta frukta ¬av sine gjerningar.
11Men ve den gudlause! ¬Han går det ille, han får att for det han har gjort.
12Mitt folk har born ¬til styresmenn og kvinner rår over det. Mitt folk, ¬dine leiarar fører deg vilt, gjer vegen du går på, til ¬villstig.
13Herren stig fram og vil ¬føra sak, han står opp ¬og vil døma sitt folk.
14Herren held rettargang med dei eldste og ¬stormennene i folket. «Det er de som har gnege ¬vingarden snau, rov frå dei fattige har de i husa!
15Korleis kan de knusa mitt folk og slå dei hjelpelause ¬i andletet?» lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.
16Herren har sagt: Fordi Sions døtrer briskar seg, og går med bratt nakke, spelar med augo ¬og går og trippar og ringlar med sine fotringar,
17så skal Herren la Sions døtrer verta fulle av skurv i hovudet og gjera dei snaue om panna.
18Den dagen skal Herren ta frå dei all stasen deira: fotringane, solene og halvmånane,
19øyreringane, armbanda og sløra,
20hovudpynten, fotkjedene og belta, lukteflaskene og amulettane,
21fingerringane og naseringane,
22høgtidsbunadene, kåpene, sjala og veskene,
23speglane, underkjolane, hovudplagga og kasteplagga.
24Då vert det illtev ¬i staden for vellukt, reip i staden for belte, fleinskalle ¬i staden for kunstige krøller, strieplagg ¬i staden for stasklede og brennemerke ¬i staden for venleik.
25Mennene dine ¬skal falla for sverd, kjempene dine i striden.
26Sions portar ¬skal syrgja og klaga, som når ei kvinne har mist alt og sit einsam att på jorda.