Isaiah 4NO1978NN

1Den dagen skal sju kvinner ta fatt i ein og same mann ¬og seia: «Vi skal sjølve fø og kle oss, berre vi får bera ditt namn. Ta bort vår vanære!»

2Den dagen ¬skal Herrens renning vera til prydnad og ære og landsens frukt gild og fager for dei som slapp unna i Israel.

3Dei som er att på Sion og etterleivde i Jerusalem, skal kallast heilage, alle som er oppskrivne til livet i Jerusalem.

4Når Herren har vaska bort ureinskapen hjå Sions døtrer og skylt blodskulda ¬ut or Jerusalem med doms- og reinsingsande,

5då skal han skapa ¬ei røyksky om dagen og ein lysande, logande eld ¬om natta over heile Sion-fjellet og over møtestadene der. For over alt herleg ¬skal det vera eit dekke,

6eit tak som skyggjer for heten ¬om dagen og gjev livd og skjol ¬mot uver og regn.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.