1Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:
2I dei siste dagar skal det henda at Herrens tempelberg skal stå grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp over haugane. Dit skal alle folkeslag strøyma.
3Mange folk skal gå av stad ¬og seia: «Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast på hans ¬stigar! For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.»
4Han skal døma ¬mellom folkeslaga, skifta rett for mange folk. Då skal dei smida sverda sine ¬om til plogjern og spyda sine til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir ¬lyfta sverd mot folk og ikkje lenger læra å føra krig.
5Kom, Jakobs ætt, lat oss ferdast i Herrens ljos!
6Du har støytt frå deg folket ditt, ¬Jakobs ætt. For dei fer med kunster ¬som folket i Austerland, driv med spådom ¬som filistarane og gjev handslag ¬til framande folk.
7Landet deira er fullt ¬av sølv og gull, det er ingen ende ¬på skattane deira. Landet deira er fullt av hestar, det er ingen ende ¬på vognene deira.
8Landet deira er fullt ¬av avgudar; dei bøyer seg og tilbed det dei har laga ¬med eigne hender, det dei har gjort ¬med eigne fingrar.
9Då skal mennesket bøyast og mannen audmykjast. Tilgjev dei ikkje!
10Fly inn i fjellet, ¬gøym deg i jorda for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde!
11Mannen må slå ¬sine stolte augo ned, og det hovmodige mennesket ¬vert bøygt. Einast Herren er høg den ¬dagen.
12For Herren, Allhærs Gud, har sett ein dag til dom over alt som er stort og stolt, over alt som ris i veret – det skal siga i hop,
13over alle sedrar på Libanon som lyfter seg høgt og byrgt, over alle eiker i Basan,
14over alle høge fjell og alle ruvande høgder,
15over alle høge tårn og alle festningsmurar,
16over alle Tarsis-skip og alle fagre skuter.
17Då vert det stolte mennesket ¬bøygt og den hovmodige mannen ¬audmykt. Einast Herren er høg ¬den dagen.
18Og med avgudane ¬er det ute for alltid.
19Då skal folk fly inn i hellerar og gøyma seg i jordholer for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde, når han reiser seg ¬og skræmer jorda.
20Den dagen skal menneska ¬kasta frå seg avgudane av sølv og gull, som dei har laga seg og tilbed, kasta dei for moldvarp ¬og flaggermus
21og fly inn i fjellholer og gøyma seg i bergkløfter for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde, når han reiser seg ¬og skræmer jorda.
22Hald opp med å lita ¬på menneske som berre har ein pust i nasen! Kva er dei å rekna for?