Isaiah 26NO1978NN

1Den dagen skal dei syngja denne songen i Juda: Vi har ein sterk by. Murar og festningsvollar er reiste til vern for oss.

2Lat opp portane, så det kan dra inn, det rettferdige folket som held fast på sin truskap.

3Den som er fast i hugen, han lèt du alltid ha fred, for han set si lit til deg.

4Så lit då alltid på Herren, for Herren er eit evig fjell!

5Han støyter ned dei ¬som bur i det høge, i ein utilgjengeleg by. Han jamnar byen med jorda og styrtar han i støvet.

6Armingar og fattigfolk skal trakka han under fot.

7Jamn er stigen åt dei ¬rettferdige, for dei rettvise banar du veg.

8Herre, vi ventar på deg og fylgjer den veg ¬du har fastsett. Vi lengtar og stundar etter deg og ditt namn.

9Om natta stundar mi sjel ¬etter deg, ja, ånda i meg søkjer deg. Når dei held seg ¬til dine lover på jorda, lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda.

10Får den gudlause nåde, lærer han ikkje rettferd. Han gjer urett i landet der rett skulle rå, og ser ikkje Herrens velde.

11Herre, di hand er lyft, men det ser ingen. Lat dei skjemmast ¬når dei får sjå din brennhug for folket. Lat eld øyda dine ¬motstandarar!

12Herre, du hjelper oss til fred. For alt det vi har gjort, det òg har du gjort for oss.

13Herre, vår Gud! Andre enn du har hatt herredøme over oss. Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi.

14Døde livnar ikkje, daudingar står ikkje opp. For du har kravt dei ¬til rekneskap, gjort ende på dei og rudt ut kvart minne om dei.

15Du har gjort folket stort, Herre, gjort det stort og vunne ære, du gjorde alle ¬landsens grenser vide.

16Herre, dei søkte deg i nauda, og kviskra fram bøner då du tukta dei.

17Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skrik når riene kjem og ho skal føda, så har du laga det for oss, ¬Herre.

18Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk, men det er som føder vi vind. Vi har ikkje gjeve landet frelse, ingen vert fødd til å bu ¬på jorda.

19Dine døde skal verta levande, mine lik skal stå opp. Vakna og rop av fryd, de som bur i molda! For di dogg er ei lysande dogg, og jorda gjev døde ¬attende til livet.

20Gå inn i kovane dine, mitt folk, og lat att dørene etter deg! Gøym deg ei lita stund, til vreiden går over!

21For sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad; han vil straffa dei ¬som bur på jorda, for deira synd og skuld. Då skal jorda la koma for dagen det blod som er utrent der, og ikkje lenger løyna ¬dei drepne.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.