Isaiah 25NO1978NN

1Herre, du er min Gud. Eg lovar deg ¬og prisar ditt namn. For i truskap og sanning ¬har du fullført dei under du planla i gamal tid.

2Du gjorde byen til ei steinrøys, festningsbyen til ein grushaug. Borga åt dei framande ¬er jamna med jorda, ho skal aldri byggjast meir.

3Difor skal eit mektig folk ¬æra deg, i valdsmenns by ¬skal dei ottast deg.

4Du vart eit vern ¬for dei verjelause, eit vern for dei fattige ¬i deira naud, ei livd mot styrtregn, ¬ein skugge mot hete. For valdsmenns fnysing er som styrtregn mot muren,

5som hete i eit utturka land. Du døyvde bråket ¬åt dei framande. Som ei sky ¬gjev skugge mot heten vart songen ¬åt valdsmenn døyvd.

6På dette fjellet skal Herren, ¬Allhærs Gud, gjera eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamal vin, med feite, mergfulle retter og gamal, klåra vin.

7På dette fjellet skal han ta bort det sløret som ligg ¬over alle folk, det sveipet som er lagt ¬over alle folkeslag.

8Han skal gjera døden ¬til inkjes for alltid. Herren vår Gud skal turka tårene av alle andlet. Sitt folks vanære ¬skal han ta bort frå heile jorda. For Herren har tala.

9Den dagen skal dei seia: «Sjå, dette er vår Gud! Vi venta på han, og han frelste oss; dette er Herren som vi ¬venta på. Lat oss gleda og fagna oss ¬over hans frelse!»

10For Herrens hand skal kvila over dette fjellet. Men moabittane skal trakkast ¬ned i sitt land, liksom halm vert nedtrakka ¬i gjødselvatn.

11Der breier dei ut sine hender lik den som legg på sum. Men Herren bøyer ¬deira hovmod kor dei så kavar med hendene.

12Dine høge festningsmurar ¬støyter han ned, han jamnar dei med jorda og styrtar dei i støvet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.