1Sjå, Herren gjer jorda ¬aud og snau, endevender heile hennar flate og spreier dei som bur der.
2Då går det presten som folket, herren som trælen hans og husfrua ¬som trælkvinna hennar. Det går seljaren som kjøparen, lånaren ¬som den han har lånt av, og långjevaren ¬som skuldmannen hans.
3Aud, ja aud skal jorda verta, herjast og plyndrast skal ho; for dette ordet har Herren tala.
4Jorda sturer og visnar, jorderiket tærest og turkar, både himmel og jord ¬sjuknar bort.
5Jorda er vanhelga av dei som bur der. For dei har sett seg ¬ut over lover, levt i strid med føresegner og brote den evige pakt.
6Difor skal forbanning gjera ende på jorda, og dei som bur der, må bøta for si skuld. Difor minkar folket på jord, og få er dei som vert att.
7Vinen turkar bort, ¬vintreet visnar, og alle som var glade, sukkar.
8Det er slutt ¬på den lystige trommeklang, slutt på ståk og jubelrop; dei glade tonar ¬frå lyra har stilna.
9Syngjande tømer dei ¬ikkje vinstaupet meir, beisk er den sterke drikken.
10Den aude byen ligg knust, kvart hus er stengt, ¬så ingen slepp inn.
11På gatene jamrar dei av di dei ikkje får vin, all jubel er borte, gleda er lyst frå landet.
12Berre uhyggje er att i byen, og porten ligg krasa.
13For mellom folka på jord skal det gå på same vis som når ein slår ned oliven eller sankar druer som heng att når vinhausten er til ende.
14Men somme lyfter si røyst og jublar over Herrens velde. Dei ropar av glede i vest:
15«Gjev Herren ære, de som bur i Austerland! Pris namnet åt Herren, ¬Israels Gud, de som bur på øyar ¬og strender!»
16Frå heimsens ende ¬høyrer vi songar: Ære vere Den Rettferdige! Men eg må seia: Eg går til grunne! Ve meg, eg går til grunne! Ransmenn ranar, ja, ransmenn ranar og herjar.
17Det vert gru og grav og garn for deg som bur på jorda.
18Den som rømer ¬for det grufulle ståket, skal falla i grava, og den som kjem seg opp ¬or grava, skal fangast i garnet. For lukene i det høge er opna, og grunnvollane ¬under jorda skjelv.
19Jorda brest og knest, jorda ragar og svagar, jorda skjek og skjelv.
20Jorda ragar ¬som ein drukken mann og svagar ¬som vaktmannens skur. Tungt ligg synda på henne, ho fell og reiser seg ikkje meir.
21Den dagen skal Herren straffa himmelhæren i det høge og kongane nede på jorda.
22Dei skal samlast ¬som fangar i hola, stengjast inne i fengsel og langt om lenge få si straff.
23Då skal månen blygjast ¬og sola skjemmast; for Herren, Allhærs Gud, ¬er konge på Sion-fjellet og i Jerusalem, og syner sin herlegdom ¬for sine eldste.