Isaiah 27NO1978NN

1Den dagen skal Herren ¬med sitt sverd, det harde og store og sterke, straffa Leviatan, ormen som rømer så raskt, Leviatan, ¬ormen som buktar seg fram. Han skal drepa draken ¬som er i havet.

2Den dagen skal dei seia: Syng om den herlege ¬vingarden!

3Det er eg, Herren, ¬som vaktar han og vatnar han til kvar tid. Eg vaktar han dag og natt, så ingen skal skada han.

4Eg er ikkje lenger harm. Men finn eg torn og tistel, då går eg til strid imot dei og brenner opp alt i hop,

5– om dei då ikkje ¬søkjer vern hjå meg, og gjer fred, ja, gjer fred med meg.

6I dagar som kjem ¬skal Jakob røta seg, Israel skal veksa og bløma og fylla heile verda med frukt.

7Har vel Herren slege Israel som han slo dei ¬som slo hans folk? Eller har Israel vorte drepe som drapsmennene åt folket ¬vart drepne?

8Du tukta folket då du skræmde det opp ¬og jaga det bort. Herren støytte det frå seg med sin sterke pust den dagen det storma frå aust.

9Men såleis ¬skal Jakobs skuld sonast, og dette er frukta når hans synd vert bortteken: Alle altarsteinane ¬skal han knusa, som når kalkstein vert knust. Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara skal ikkje verta ståande.

10Einsam ligg festningsbyen, ein folketom bustad, ¬aud som øydemarka. Der går kalvar og beiter, dei roar seg der og et ¬kvar kvist.

11Når greinene turkar, ¬bryt ein dei av, kvinner kjem ¬og nører opp eld med dei. For dette er eit uvitug folk. Difor syner skaparen ¬dei inga medkjensle, han som laga dei, ¬er dei ikkje nådig.

12Den dagen skal Herren ¬slå fruktene ned frå den strøymande Storelv ¬til Egyptarbekken, og de, Israels søner, skal samlast inn, ein for ein.

13Den dagen skal dei blåsa ¬i eit stort horn. Då kjem dei bortkomne ¬i Assyria heim att og dei som er spreidde i Egypt. Og dei skal tilbe Herren på det heilage fjellet ¬i Jerusalem.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.