Isaiah 21NO1978NN

1Domsord mot det aude landet ved havet. Som stormkast ¬fylgjer på stormkast i Negev, så kjem det frå øydemarka, frå landet der redsle rår.

2Eit fælsleg syn har eg fått sjå: Ransmenn ranar, ¬og hærmenn herjar. «Rykk fram, du Elam! Gå til strid, du Media! Kvar sukk gjer eg ende på.»

3Difor skjelv mine hofter, eg vrid meg i verk ¬som ei fødande kvinne. Eg er så rådlaus ¬at eg ikkje kan høyra, så skjelvande redd ¬at eg ikkje kan sjå.

4Min hug er fortumla, eg skjelv av redsle. Skumringa ¬som eg stunda etter, er no min skrekk.

5Dei dukar bord ¬og breier ut teppe, dei et og drikk. «Reis dykk, hovdingar, smør olje på skjold!»

6For så har Herren sagt til meg: «Gå og set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda!

7Ser han eit tog ¬med vogner og hestar, eit tog av esel, ¬eit tog av kamelar, då skal han lyda etter, lyda vel etter.»

8Og vaktmannen ropa: «Herre, dagen lang ¬står eg på vakt, eg er på min post ¬kvar einaste natt.

9Sjå, der kjem eit tog av vogner med folk og hestespann.» Så tek han til ords og seier: «Fallen, fallen er Babylon! Alle gudebileta i byen er knuste og slengde til jorda.»

10Å, du mitt knuste ¬og sundtreskte folk! Det eg har høyrt frå Herren, ¬Allhærs Gud, frå Israels Gud, ¬det har eg kunngjort dykk.

11Domsord mot Edom. Det ropar til meg frå Se’ir: «Vaktmann, kor langt på natt, kor langt på natt?»

12Vaktmannen svarar: «Det kjem ein morgon, ¬men òg ei natt. Vil de spørja, så spør! Kom att ein annan gong!»

13Domsord mot arabarane. Søk livd for natta ¬mellom buskane på steppa, de som kjem i karavane ¬frå Dedan.

14Møt dei tyrste og gjev dei vatn, de som bur i Tema! Kom med brød til dei ¬som er på flukt!

15Dei har då rømt for sverd, for dregne sverd ¬og spente bogar og frå den harde striden.

16For så har Herren sagt til meg: Om eitt år – så som ein leigekar reknar året – skal det vera ute med all herlegdomen i Kedar.

17Då er det ikkje mange att av bogane åt Kedar-kjempene. For Herren, Israels Gud, har tala.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.