Isaiah 20NO1978NN

1Sargon, kongen i Assyria, sende hærføraren sin av stad, og då han kom til Asjdod, stridde han mot byen og tok han.

2Det året hadde Herren tala såleis til Jesaja, son til Amos: «Gå og løys strieplagget av hoftene dine og ta skorne av føtene dine!» Han så gjorde og gjekk naken og berrføtt.

3Då sa Herren: «Liksom Jesaja, tenaren min, har gått naken og berrføtt i tre år, til teikn og varsel mot Egypt og Nubia,

4såleis skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Nubia, både unge og gamle – nakne og berrføtte og med berr bak – til vanære for Egypt.

5Då skal folk verta forfærde og skjemmast over Nubia som dei sette si von til, og over Egypt som dei var så stolte av.

6Den dagen skal dei som bur på desse strendene, seia: «Sjå, såleis har det gått med dei som vi sette vår von til og flydde til etter hjelp, så vi kunne bergast frå assyrarkongen. Korleis skal vi då koma unna?»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.